Hopp til innhold

50 liter vaffelrøre og 700 pølser er oppskrifta på ny folkefest

Om berre kort tid tek Førde i mot Sogndal i Hafstadparken til andre runde i cupen i fotball. Dugnadsfolk og frivillige har nok å henge fingrane i.

Margunn Skaar Vallestad og Solveig Skaar er klare med delar av vaffelrøra til dagens kamp

MANGE Å METTE: 3000 tilskodarar kom til stadion då Førde tok i mot Brann. I dag ventar Sogndal, og eit koppel av frivillige er klare til å ta i mot tilskodarane som vil heie fram Førde og Sogndal.

Foto: Solveig Svarstad

– Det kom fire lag klokka 16, for det er mykje å planlegge og sette opp. Mange platekaker som skal bakast og leverast også, seier Mariann Njøsen.

Laster innhold, vennligst vent..

Ho er ei av mange frivillige som stiller på for å mette fotballpublikummet under cupkampen i Førde torsdag kveld. Klokka 18 blir kampen mellom Førde og Sogndal sparka i gang, og publikum skal ikkje lide noko nød.

– Vi reknar med det går med 600–700 pølser, og 50 liter vaffelrøre. Det er 24 personar i kioskane og tilsvarande med billettørar og vakter, fortel Njøsen.

Supportarar klare for kamp.

FOLKEFEST: Denne gjengen er klare for å heie Førde fram i andre runde i cupen. Elin Nikoline Vie, Thomas Vie, Solveig Tviberg, Martin Vie, Sofia Vie, Jakob Vie og Simon Vie.

Foto: Solveig Svarstad

Etter at Førde danka ut Brann i ein nervepirrande kamp i første runde av cupen, veit dei kva som kan gå med under ein ny folkefest på stadion. For fotballgruppa er det eit viktig arrangement, som gjev tiltrengte kroner i kassa.

Ein fot i kvar leir

3000 tilskodarar møtte opp då Førde gjekk vidare i sist runde. Klubben forventar ikkje like mange folk i dag, men med strålande sol ligg alt til rette for ein ny folkefest. For banemeister Kåre Holsæter er kampen i dag ekstra spanande. Han er sjølv sogning, og sonen Ruben, spelar på Sogndal.

Kåre Holsæter er klar for kamp

I TVIL: Kven Kåre Holsæter held mest med under dagens kamp er han litt usikre på. Sonen spelar på Sogndal, sjølv er han banemeister for Førde.

Foto: Solveig Svarstad

– Eg har ein fot i Førde og ein i Sogndal, så i dag er eg delt. Kven som vinn veit eg ikkje, innrømmer han.

Han held likevel ein knapp på at gjestane stikk av med sigeren. Han trur at sonen også ser fram til kampen.

– Eg trur han gler seg utruleg mykje til å spele. Han likar å kome heim og møte gamle lagkompisar og spele mot dei. Det er kjekt for fotballen i fylket at to slike lag vert samla. Så det blir bra stemning, trur banemeister Holsæter.