Hopp til innhold

Mann (41) døydde etter å ha blitt henta opp av sjøen

Politiet går ut med namnet på mannen som blei erklært død etter redningsaksjonen i Gulen fredag.

Leiteaksjon Gulen

STOR LEITEAKSJON: Fleire fartøy og helikopter deltok i den omfattande leiteaksjonen fredag kveld.

Foto: Redningsselskapet

Siste: Mandag melder Vest politidistrikt at det var 41 år gamle Torbjørn Gjertsen som mista livet etter redningsaksjonen. Namnet er frigjort i samråd med dei pårørande.

Store ressursar blei sett inn i ein leiteaksjon fredag kveld då vitne observerte ein tom båt som gjekk i ring ved Hisarøy i Gulen kommune i Ytre Sogn. Ein mann blei funnen og frakta til Haukeland sjukehus.

– Mannen som blei henta opp av sjøen i går kveld og flogen til Haukeland universitetssjukehus, blei erklært død på sjukehuset kort tid etterpå, skriv Vest politidistrikt i pressemeldinga.

Pårørande er varsla. Politiet har ingen opplysningar som gir grunn til å tru at det har skjedd noko straffbart.

Ifølgje Firda var det privatpersonar som fann mannen. Mannen var norsk statsborgar, men ikkje busett i Gulen kommune, skriv avisa.

Frakta til Haukeland

Personen blei funnen innanfor søkeområdet, ikkje så langt frå der båten blei oppdaga, får NRK opplyst.

– Det er gjort funn av ein person i sjøen. Vedkomande er frakta til Haukeland sjukehus. Tilstanden er ukjent, opplyste vakthavande redningsleiar Børge Galta til NRK rundt kl. 20 fredag kveld.

Det var eit redningshelikopter som henta opp vedkomande, og frakta personen til sjukehus i Bergen.

Redningsskøyta, to marinefartøy, redningshelikopter og luftambulanse deltok i søket.

Laster Twitter-innhold

Aksjonen avslutta

Brannmannskap frå Gulen var også kalla ut.

– Vi er tungt involvert med fleire båtar. Vi kjempar med dagslyset. Det er sjølvsagt lettare å finne folk i dagslys, fortalde brannsjef Sigvald Kvinge i Gulen kommune.

Leiteaksjonen starta klokka 17.25, men blei avslutta då det blei gjort funn.

– Undersøkingar tilseier at personen var aleine. Vi leitar ikkje etter fleire, fortalde Galta då.

LEITEAKSJON: Ein stor leiteaksjon er sett i gang i området Gulen/Hisarøy.