Hopp til innhold

400 mjølkebønder har fått betalt for å slutte – no har vi for lite mjølk

GLOPPEN (NRK): Dei siste to åra har mjølkeproduksjonen her i landet blitt nedskalert. Ein heilt uventa auke i forbruket av mjølk og meieriprodukt gjer at vi i år har enda opp med for lite mjølk.

Bonde KjellPaulen

KLAR FOR Å GJERE SITT: Bonde Kjell Paulen i Gloppen tykkjer norske bønder må auke frå ti til tolv månadars mjølking når Tine manglar mjølk.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Vi mjølkebønder har måtta trø til, og det tykkjer eg er heilt greitt, seier mjølkebonde i Gloppen i Nordfjord Kjell Paulen.

Som alle andre mjølkebønder trudde han eigentleg at 2020 skulle bli nok eit år med ein nedgang i forbruket av mjølk.

I mange år har nemleg nordmenn drukke stadig mindre mjølk, og ete stadig mindre meieriprodukt.

Og som om ikkje det var nok, vart det bestemt at norske mjølkebønder ikkje lenger fekk levere mjølk til den internasjonale suksessosten Jarlsberg.

Alt tilsa at det fornuftige var å justere ned norsk mjølkeproduksjon, og måten å gjere det på er at staten kjøper kvotane til mjølkebønder.

Eller sagt på ein annan måte, mjølkebønder har fått betalt for å slutte å vere mjølkebønder.

Men så skjedde det som ingen hadde trudd. Plutseleg byrja nordmenn å drikke meir norsk mjølk og å ete meir norsk ost.

– Det har vore ein krevjande situasjon. Vi rekna med å selje mindre mjølk i 2020 enn i 2019, og difor tok vi ned produksjonen. Slik gjekk det ikkje, seier konserndirektør Johnny Ødegård i Tine.

Og kvifor byrja vi plutseleg å drikke meir mjølk og ete meir ost?

– I ein pandemi søkjer folk til trygge produkt, og norske landbruksvarer er ein veldig sterk merkevare i befolkninga. I tillegg har jo folk brukt mykje meir tid enn vanleg i nærleiken av kjøleskåpet, er teorien til konserndirektøren i Tine.

Og på meieria merka dei auka etterspurnad.

– Vi merkar det veldig godt. Det er ei veldig auke i aktiviteten, seier meierisjef ved Tine sitt meieri på Byrkjelo, Thorkild Heieren.

Thorkild Heieren i Tine

MERKAR AUKEN: Meierisjef Thorkild Heieren ved Tine sitt meieri på Byrkjelo.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Bøndene må jobbe meir

– Det betyr at vi må jobbe meir. Det går meir ressursar, meir jobb og mindre fri, seier mjølkebonde på Byrkjelo i Gloppen Kjell Paulen.

Mjølkebøndene løyser situasjonen mellom anna med å produsere mjølk i 12 månadar i staden for 10, som er vanleg mange stader.

Det meiner Paulen bør bli den nye normalen, for å unngå at Tine hamnar i den same situasjonen i framtida.

Landbrukspolitisk talsperson i Framstegspartiet, Morten Ørsahl Johansen, meiner derimot at den krevjande situasjonen Tine har hamna i, syner svakheitene ved ein landbrukspolitikk som ikkje er tilpassa marknaden.

– Det er eit eller anna som skurrar her. Vi produserer den reinaste mjølka i verda, og vi har det lågaste forbruket av antibiotika. Likevel klarer vi ikkje å selje landbruksprodukta våre i marknaden, seier Ørsahl Johansen.

Han ville mykje heller hatt eit system meir tilpassa ein tradisjonell marknadsøkonomi, noko også Frp har programfesta at dei vil jobbe for.

Regjeringa: – Systemet fungerer godt

Statssekretær Widar Skogan (KrF) i Landbruksdepartementet er ikkje samd i det heile teke.

– Det at vi no ser ut til å ha kome oss igjennom denne veldig krevjande situasjonen, syner jo først og fremst at systemet vi har fungerer veldig bra.

Skogan meiner at eit marknadsstyrt landbrukssystem slik Ørsahl Johansen skisserer, vil bety mykje lægre lønningar for norske bønder.

– Noreg er eit høgkostland, og eit land der det er dyrt å drive med landbruk. Å skulle konkurrere fritt i den europeiske marknaden vil ikkje tene den norske bonden, seier statssekretæren.