Hopp til innhold

40.000 kan miste jobben

Den næraste framtida ser dyster ut for byggjenæringa.

Byggeplass
Foto: Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no

- Vi har ein nedgang i byggjeaktiviteten i Norge og vi bør nok vere budde på at det kan bli færre ordrar inn til oss enn det har vore, seier Roald Starheim, dagleg leiar ved Norgesvinduet Bjørlo.

Dei dårlege økonomiske utsiktene uroar industrieigaren på Nordfjordeid, han har 200 tilsette på fabrikkane i bygda der dei produserer vindauge til byggenæringa.

Pessimistisk prognosesenter

Prognosesenteret anslo for ein månad sidan at ti tusen kan miste jobbane sine, no med stadig fleire dårlege nyhende trur dei at til saman 40000 kan miste jobben i byggebransjen og hjå underleverandørar seier sjeføkonom Kjell Senneset.

- Det kan ryke noko slikt som 20.000 arbeidsplassar i den utførande delen av byggjenæringa. 40.000 dersom ein ser på heile verdikjeda, seier Senneset.

Tore Gran i Norske trevarefabrikkers landsforbund seier at regjeringa no må på bana, forbundet sysselset totalt 7000 tilsette

Nøydde til å nedbemanne

- Bedriftene våre ser seg etter kvart nøydde til å nedbemanne med 15-20 prosent, seier Gran som krev at regjeringa kjem med fleire offentlege byggeprosjekt.

- Overfor skular som forfell så det held og sjukeheimar som vi har mangel på i nesten alle kommunar i heile landet, seier han.

Halvorsen lovar ingenting

Men finansminister Kristin Halvorsen vil ikkje love noko som helst.

- Dette kan eg ikkje svare skikkeleg på før vi legg fram budsjettet 7. oktober. Det som er den store utfordringa for dette budsjettet er å treffe denne situasjonen slik at vi ikkje risikerer at arbeidsløysa går betydeleg opp.

På Nordfjordeid er Starheim uroa, han trur næringa går tøffe tider i møte og kan ikkje utelukke permitteringar.

- Blir det langvarig mister vi fagleg flinke medarbeidarar og det er ikkje bra når aktiviteten tek seg opp att, seier han.