Hopp til innhold

40 000 færre dyr på åtte år

Det har blitt drastisk færre dyr på beite her i fylket dei siste åtte åra.

Martin Braanaas Kleppe

UROA: Martin Braanaas Kleppe, fylkesleiar i bonde- og småbrukarlaget, meiner store verdiar går tapt med den dramatiske nedgangen på beitedyr i fylket.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Sidan 2002 har det blitt over 40 000 færre sau og geiter på beite. Samtidig veks utmarka att, og store verdiar kan ha gått tapt. 25 000 av desse har forsvunne etter at den raudgrøne regjeringa kom til makta i 2005.

Det er ikkje godt nok, meiner leiaren i Sogn og Fjordane bonde- og småbrukarlag, Martin Braanaas Kleppe.

– Eg såg eit bilete som var teke for 50 år sidan her. Det var nesten ikkje eit tre. No er det tettgrodd med bjørk, seier han.

Går glipp av verdiar

I generasjonar har store skog- og fjellområde gitt tømmer og ved på vinteren i Sogn og Fjordane.

På sommarstid har dei vore vel så viktige som beiteområde.

– Vi har gått glipp av utruleg verdiskaping i fylket. 40 000 dyr er potensielt ganske mange gardsbruk. Her i Førde har vi slakteri, og det må vere betre at vi produserer sauen her og får heile verdiskapingskjeda her i Førde enn at vi skal sende sauen til Rogaland til dømes, meiner Braanaas Kleppe.

– Det er ei skam

Der det før var sauene som passa på vedlikehaldet i utmarka, må bonden no sjølv gjere arbeidet. Då går store verdiar tapt, meiner fylkesleiaren i småbrukarlaget.

– Det er ei skam, for vi har enorme beiteressursar som kan haustast i utmark. Det er Norges største ressursar innan jordbruk, seier han. Braanaas Kleppe har ikkje rekna på kor mykje han sparer på å sende dyra på beite.

– Siste tal eg såg på Nationen viser at beitedyra våre haustar fôr for verdiar på ein milliard kroner per år, seier han.

Uroa bondelagsleiar

Bondelagsleiar Per Hilleren

DYSTERT: Leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Per Hilleren.

Foto: Vegar Erstad / NRK

Leiar i Sogn og Fjordane bondelag, Per Hilleren, er uroa over den dystre statistikken.

– Følgjene er færre bønder som produserer mat. Det blir produsert mindre i dette fylket, og det er ein negativ faktor. Beitedyra utfører også kulturlandskapspleie og gjer at turistnæringa og dei som sel opplevingar kan få selje ei fantastisk oppleving ved å reise gjennom Sogn og Fjordane og sjå eit velhalde landskap, seier han.

Ventar med jubelen

Fredag 2. desember kom landbruksmeldinga. Sjølv om Braanaas Kleppe ser positive trekk, held han framleis jubelen inne.

I alle fall til våren når Stortinget skal bestemme jordbruksoppgjeret.

– Dei distrikta som er mest råka av denne utviklinga siste ti åra, er distrikt med mykje sauehald og mjølk. Det står ingen konkrete tal, men eg håpar at vi i komande jordbruksoppgjer får ei avklaring på om vi verkeleg skal få eit løft for beitedyra våre, seier han.