Hopp til innhold

3650 søkte om ekstrembillett

Norseman Xtreme Triathlon startar i Hardangerfjorden laurdag klokka 05. I år hadde ekstremløpet 3650 søkjarar til dei 250 deltakarplassane. – Det er heilt enormt. Dei 250 kjem frå heile 39 ulike land, seier dagleg leiar Dag Oliver til Hardanger Folkeblad. Triathlonet består av 3,8 km symjing i fjorden, 180 km sykling over Hardangervidda og eit marathon som avsluttar på Gaustadtoppen

Isklar Norseman Xtreme Triathlon 2013
Foto: Dag Oliver / NXTRI