Hopp til innhold

Risikerer bøter på opptil 10.000 etter festar i Bergen: – Folk burde ta det meir seriøst

Natt til søndag har 31 festdeltakarar blitt politimelde etter to festar i Bergen. 16 personar var samla på få kvadratmeter i Fantoft studentby.

studenter, fantoft

STUDENTAR: – Folk burde ta det med seriøst, seier Stine Ruud Larsen (t.v.). Ho meier at studentane må tole å få bot etter å ha festet natt til søndag. Her saman med Pedro Luggage.

Foto: Synne Lykkebø Hafsaas / NRK

– Eg tykkjer det er veldig uansvarleg. Det er lappar overalt, og vi får ikkje vere meir enn to personar i heisen her ein gong, seier Stine Ruud Larsen (25).

Ho har nettopp stått opp og drikk iskaffi utanfor eit av murhusa til Fantoft studentby, saman med ein ven.

Ho meiner at studentane som festa der i natt, må tole å bli bøtelagde.

– Lova er lova. Sjølv om du er student, så er det ikkje noko unntak. Det er ein grunn til at vi har desse reglane. Det er rettferdig, meiner ho.

Mange på få kvadratmeter

Politiet har i løpet av natta meldt 31 personar fordelt på to festar med 15 og 16 deltakarar.

– Det er kvinner og menn i 20-åra. Nokre er også litt eldre, seier operasjonsleiar Tatjana Knappen i Vest politidistrikt.

Ho seier det er grunn til uro at folk ikkje tek større ansvar og ser dei bakanforliggande årsakene til at vi skal handle som vi gjer.

– Desse reglane og tilrådingane blir sette av ein grunn, og det er det fokuset vi ønskjer at folk skal ha. Det er synd at politiet må ta dette steget og melde folk, seier ho.

Den eine festen var i Sandviken. Den andre ved studentbustadane på Fantoft seint laurdag kveld.

– Der var 16 personar på relativt få kvadratmeter.

Festane blei oppdaga etter at politiet fekk inn meldingar om feststøy og forstyrring av natteroa.

FANTOFT

FEST: 16 personar festa på relativt få kvadratmeter i ein av studentbustadane på Fantoft seint laurdag kveld.

Foto: Synne Lykkebø Hafsaas / NRK

– Synd om de ikkje har forstått

Det var fleire utanlandske studentar på festen på Fantoft.

– Det er ikkje lurt, og eg tykkjer ikkje så mykje om det. Men eg tykkjer synd på dei om dei ikkje har forstått reglene, seier Helene Pedersen (19).

– Om dei har misforstått er det veldig kjipe pengar, i alle fall for oss studentar.

Det er forbode å vere meir enn fem personar i private heimar i Bergen.

Regelen er unik for Bergen. I Oslo er alle sosiale samlingar utanfor private heimar forbode. Det er samtidig eit tak på ti personar i private heimar.

Brot for smittevernreglane blir straffa med bøter. Bøtene er mellom 5000 og 10.000 kroner. Avhengig om ein er festdeltakarar eller arrangør.

– Kva bota blir, er ikkje avgjort ennå. Det vil påtalemakta avgjere, seier Knappen.

Informasjon på engelsk og norsk

– Vi registrerer at veldig mange folk var samla på eitt kjøkken. Det synest vi er dumt. Vi er veldig opptekne av at studentane skal følgje smittevernreglane, seier kommunikasjonssjef Martina Monsen i Sammen – Studentsamskipnaden på Vestlandet

Ho forstå at studentane har lyst til å møtast, men ber dei følgje reglane.

– Det er veldig mange studentar som har det vanskeleg no.

Ho meiner Studentsamskipnaden har informert studentane godt om smittevernreglane som gjeld.

– Vi har hengt opp plakatar på alle felleskjøkken og på veg inn i bygningane med informasjon på engelsk og norsk.

Fantoft

GOD INFORMASJON: Studentsamskipnaden har informert studentane godt om smittevernreglane som gjeld, meiner kommunikasjonssjef Martina Monsen i Sammen – Studentsamskipnaden på Vestlandet

Foto: Synne Lykkebø Hafsaas / NRK

– Veldig skuffande

Helsebyråd Beate Husa (KrF) tykkjer det er trist at nokon bryt den lokale forskrifta.

– Når vi har det smittetrykket i Bergen no, er det veldig uheldig og krevjande at nokon ikkje følgjer den. Det er veldig skuffande.

Ho rosar politiet for at dei har avdekka festane.

– Forhåpentlegvis vil disse personane bli bøtelagde. Eg trur at det kan ha ein preventiv effekt, slik at vi ikkje ser dette vidare, seier Husa.

Ho meiner at informasjon om smittevernreglane er kommunisert ut godt nok. Spesielt regelen om maks personar i private heimar.

– Det er krevjande for alle uansett språk å sette seg inn i det vellet av reglar som gjeld no.

Beate Husa

DETTE TRENG VI IKKJE: Helsebyråd Beate Husa (KrF) roser politiet for innsatsen. – Vi har et så stort smittetrykk i Bergen og vi er gjensidig avhengig av kvarandre.

Foto: Synnøve Horvei / NRK

Roleg andre stader

Politiet i Vest politidistrikt fekk i natt inn 35 meldingar om feststøy. Dei aller fleste i Bergen kommune, men også nokre andre stader i Vestland.

– Politiet hadde kapasitet til å rykke ut på 26 av festane, seier Knappen.

I Oslo har politiet fått inn tre meldingar i natt. Det viste seg å vere folk som overheldt dei gjeldande reglane. Også i Trøndelag og Rogaland melder politiet om ei roleg natt.

I Finnmark kom det inn to meldingar. I Alta var det lovleg tal på deltakarar. I Kirkenes fekk festdeltakarar pålegg om å dempe musikken.

LES OGSÅ: Trebarnsmor hardt ut mot fempersonsregelen: – Et besøksforbod mot min son

Få meldingar om bråk

Politiet i Innlandet fekk inn fire klagar, men i tre av tilfella var festen innanfor dei lovlege rammene. Den fjerde festen var avslutta då politiet kom til staden.

Mykje korona kombinert med mykje regn, trur politiet i Drammen er årsaka til at det har vore roleg også der. Heller ikkje i Øst politidistrikt har det vore brot på gjeldande lover og forskrifter.

Også i Møre og Romsdal har det vore roleg.

– Samanlikna med andre helger er det stor forskjell. Det har vore lite problem rundt fest, seier operasjonsleiar John Bratland. I løpet av natta har det vore nokre få meldingar om forstyrring av nattero.

Mellom anna blei ein privat fest med 10–15 personar i Ålesund sentrum avslutta av politipatruljen. Også ein naustfest blei avslutta etter klage på støy tidleg søndag morgon. I Kristiansund avslutta politiet ein fest etter melding om støy.

Bratland seier at politiet ikkje har lokale forskrifter som gjer at folk kan bli straffefølgde når det er for mange personar til stades på ei adresse.