31 medaljar i U-NM friidrett

Utøvarar frå Sogn og Fjordane gjorde tidenes beste innsats i Ungdoms-NM i friidrett på Byrkjelo i helga.

Fasiten ved stemneslutt er 10 gull, 13 sølv og åtte bronse.

Medaljefangsten ligg fem over fjoråret då utøvarane frå fylket tok 26 medaljar.

Då var også Inger Anne Frøysedal frå Oppstryn på heimestatistikken. Denne gongen tok ho fire gull og ei bronse for Oslo-klubben Tjalve.

Trude Raad Breimsbygda sette ny norsk ungdomsrekord med 54,20 i slegge U-16. Eit resultat av internasjonal klasse. Ny rekord sette også Yngve Grøneng Havn Flørø i kule G17 med 17,86.

Sogn og Fjordane Friidrettskrins vart blant dei beste krinsane og Florø Turn og Idrettsforening åt kirsebær med storklubbane i poengfangsten.

Superlativa er mange rundt ungdomsfriidretten i fylket etter Byrkjelo-UM.

Medaljane frå Sogn og Fjordane:

Gull: Steinar Kleppe frå Flørø i slegge, Yngve Grøneng Havn Flørø i kule, Øyvind Kjerpeset Flørø 300m hekk,Trude Raad Breimsbygda gull i slegge,diskos og kule(J 16) , Henrik Holmberg Vik i høgde, Helle Nybø Waage Florø i tresteg, Ole Henrik Bjørnset Florø 2000 meter hinder og Amanda Hjelmeset Fjellhug Vereide i kule (J15)

Sølv: Atle Rygg Årdal Brodd i høgde ,Ida Seim Fjellhug/Vereide 2000m hinder, Elin Alme Fjellhug/Vereide tresteg, Vidar Nyhammer Fjellhug/ Vereide Høgde, Anna Gjeraker , Vik i diskos, Kim Leirvik Florø i stav, Kristine Gjengedal i diskos,kule og slegge, Helle Nybø Waage Florø i lengde, Espen Alme Evebø Fjellhug Vereide i diskos, Jonas Brandsøy Florø 300 m hekk og Sindre Rørvik Kaupanger i tresteg.

Bronse: Guro Fosse Fardal frå Førde i diskos, Ole Henrik Bjørnset Florø 3000m, Tor Inge Øvrebotten Svelgen i stav, Anne Merete Wågane Florø i slegge, Trond Ove Hopen Florø i spyd, Yngve Grøneng Havn Florø i diskos (G 17), Steinar Kleppe Florø i diskos (g18/19).

I tillegg tok G15-laget til Flørø Turn ig Idrettsforening bronse på 1000 meter stafett.