Pasient fekk 31 diagnosar av 51 fastlegar

Allmennlegar stiller ulike diagnosar til pasientar med same symptomar. – Det er ofte heilt tilfeldig kva diagnose pasienten får, seier forskar Silje Mæland.

Illustasjonsforo

TILFELDIG DIAGNOSE: Ifølgje forskar, Silje Mæland, er det ofte tilfeldig kva diganose pasienten får av fastlegen sin.(illustrasjonsfoto)

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Forskaren har nettopp skrive ei doktoravhandling som tek for seg mellom anna fastlegens ansvar i forhold til å skrive ut sjukemeldingar.

I striden sin ville ho finne ut korleis fastlegar i Noreg, Sverige og Danmark tar avgjersler om sjukemeldingar.

– Fastlegane har jo ofte vore syndebukkane for det høge sjukefråveret, det var interessant å sjå kva som kom fram i studien, fortel Mæland.

Sette opp kamera på legekontor

Mæland

SILJE MÆLAND: Forskaren har nyleg publisert ei studie der ho tek for seg fastlegane sitt ansvar i forhold til å skrive ut sjukemeldingar.

Foto: Åge Algerøy / NRK

For å finne ut meir om kva fastlegane la vekt på, sette Mæland opp videokamera på fastlegekontor i Noreg, Sverige og Danmark.

Det er pasientar med alvorlege, subjektive helseplager som står for over halvparten av langtidssjukefråværet i Noreg.

– Det me først såg på var kva type diagnose dei forskjellige pasientane fekk stilt.

Tilfeldig diagnose

Pasientane i studien gjekk til fleire legar og fortalde om plagene sine i eksakt same rekkefølgje til fastlegane.

Likevel fekk pasientane totalt ulike diagnosar.

– Ei av pasientane i arbeidet vårt fekk 31 ulike diagnosar av 56 norske fastlegar. Ho gav opp same plager i nøyaktig den same rekkefølgja til fastlegane.

– Her er det altså stor variasjon på kva den enkelte fastlegen vel å fokusere på som pasientens problem.

– Vil det sei at det er tilfeldig kva diagnose ein stiller, og at det berre handlar om å få sjukemeldinga lovleg?

– Ja, det kan ein seie. Diagnosen som legen endar opp med å skriva på sjukemeldingsblanketten er berre ein føresetnad for å få sjukemeldinga.

Personlegheita til pasienten spelar inn

I undersøkinga kjem det òg fram at dei tre landa har like mange sjukemeldingar. I Noreg er det allmennlegar som skriv ut 80 prosent av alle sjukemeldingar.

Men ifølgje forskaren spelar det lita rolle for legen kva sympomar pasienten har.

– Det som kanskje er overraskande er at den diagnosen som går på sjukemeldingsblanketten spelar lita rolle for avgjera om pasienten vert sjukemeldt.

Ho meiner det er heilt andre faktorar som avgjer om pasienten vert sjukemeldt eller ikkje.

– Totalt sett er det det enkelte individ sin totaltsituasjon som spelar inn på om pasienten får sjukemelding eller ikkje. Kva type personlegheit pasienten har, kor sårbar pasienten er, og kva familiesituasjonen er.