Hopp til innhold

Korleis slår striden om Tall Ships Races og lokalsjukehuset ut?

Vågsøy skal ha ny ordførar etter valet. Men det er ingen opplagt favoritt.

Måløy i Vågsøy.
Foto: NRK

I Vågsøy stiller åtte lister ved valet, og nesten alle har nye toppkandidatar. Det gjer det også svært spennande når det gjeld ordførarspørsmålet. Sist hadde Vågsøy direkte ordførarval – det har dei ikkje denne gongen.

To store saker vil truleg påverke veljarane.

Sjukehussaka

Ved sida av Eid er Vågsøy og Selje kommunane som har vore sterkast engasjert i striden kring Nordfjord sjukehus. Ordførar Roger B. Silden (Ap) har svinga sverdet meir enn ein gong over det han meinte var dugløysa i Helse Førde.

Også Sp sin toppmann Asgeir Solheim har gitt klar beskjed i denne saka.

I Eid viser meiningsmåling ei veke før valet at både Ap og Sp kan blø som følgje av sjukehussaka. Spennande om trenden blir den same i Vågsøy.

Tall Ships Races

Dette gigantiske og flotte arrangementet vart Vågsøy-politikarane sin variant av Terra-skandalen som råka to andre kommunar i fylket.

Spenningsmoment er om veljarane vil "straffe" nokon for det økonomiske uføret som kommunen kom oppi etter TSR. Ordførar Roger B. Silden har stått i hardaste skotlina i etterkant, men han stiller ikkje til attval.

Kandidatane

Ap stiller no med 31 år gamle Kristin Maurstad som sin ordførarkandidat. Om ho skulle nå opp, representerer ho ein ny politikargenerasjon. Men så var det store spørsmålet om sjukehussak mm. øydelegg sjansen.

Ho blir utfordrar av veteranane Asgeir Solheim (Sp) Han har vore nær klubba tidlegare, men aldri nådd opp.

Venstre står sterkt i Vågsøy. Liv Henjum gjorde i si tid reint bord ved kommunevalet, og dei har hatt varaordføraren sist periode. No skal Marit Sætren prøve seg.

Eit spennande namn ved årets Vågsøy-val er Hogne Bleie (FrP) Han gjer eit skikkeleg politisk comeback etter at han var høgt opp på listene i Frp sin "ungdom" her i fylket.

I Vågsøy må ein også rekne med Høgre. Dei stiller i år med Morten Hagen

SV var minste parti ved sist val. Dei stiller også i år, og då med Vivian Midtbø som listetopp.

Bryggjalista var omlag like store som SV sist. Bryggjalista stiller med Einar Oddgeir Midtbø

Raudt stiller ikkje

Vågsøy har vore ein av fire kommunar i fylket der partiet Raudt, tidlegare RV har stilt liste. I Vågsøy har dei hatt den profilerte Geir Oldeide, som har teke på seg rolla som ei gneldrande vaktbikkje kring politikken i Vågsøy – ikkje minst i samband med TSR.

I år stiller ikkje Raudt liste. Eit teikn på at dei "gamle" er i ferd med å trøytne, og at rekrutteringa ikkje er god nok.

Derimot stiller KrF igjen liste i Vågsøy. Dag Almenning er listetopp og har vore i lokalpolitikken før.

Vågsøy - kommuneval

 

Ap

RV

SP

KrF

V

H

FrP

Bryggjal

1995

16,2

 

11,8

10,1

37,2

21,2

 

3,6

1999

19,6

 

8,2

10,5

34,5

13,2

8,5

5,4

2003

34,2

4,1

13,3

6,5

19,6

8,6

10,0

3,8

2007

21,8

3,9

24,8

   -

16,2

12,4

14,2

3,4