Hopp til innhold

300 kan bli permittert på Ågotnes: – Dette kan få store konsekvensar

To bedrifter på Ågotnes har varsla sine tilsette om nye nedskjeringar. Ved FMC Technologies kan opptil 200 bli permittert, og i Aker Solutions inntil 100. Fjellordføraren er bekymra.

CCB-basen Ågotnes

OLJEKRISA IKKJE SLUTT: Bedriftene på offshorebasen CCB varslar nok ein gong ny kuttrunde.

Foto: Pål Bentdal

– Årsaka er mindre aktivitet på norsk sektor, seier kommunikasjonssjef Andreas Helgesen i FMC Technologies.

Andreas Helgesen

NYE KUTT: Kommunikasjonssjef Andreas Helgesen i FMC Technologies.

Foto: André Marton Pedersen / NRK

Permitteringane gjeld subsea services-eininga på Ågotnes. Korleis det råkar i organisasjonen vil leiinga informera dei tilsette om seinare.

Det er uvisst kva tid alle tilsette kan vera tilbake i jobb.

Ser det er naudsynt

I følgje Stian Lybekk Hansen, tillitsvald i FMC fekk dei tilsette informasjon på eit allmøte den 15. september.

Stian Lysbekk Hansen

TILLITSVALD: Tillitsvald i FMC, Stian Lybekk Hansen

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

– Det var nok venta for somme, fordi det er lågare aktivitet haust og vinter. Det er trist, men vi ser også at det er naudsynt på grunn av mangel på arbeid, seier Hansen.

Hardt råka offshore-base

CCB på Ågotnes er ein base der mange offshorebedrifter er samla.

FMC Technologies har dei siste åra hatt store utbyggingar på basen, men sidan nedgangen i offshorenæringa starta har både FMC og dei andre bedriftene vore gjennom fleire store rundar med kutt.

Tidlegare i dag varsla Aker Solutions på Ågotnes at inntil 100 tilsette kan bli permittert frå neste månad, i hovudsak offshore-arbeidarar, skriv Sysla Offshore.

– Vi har valt midlertidig permittering i staden for oppseiing. Erfaringa vår tilseier at aktiviteten vil ta seg opp noko i løpet av våren, i samband med sesongarbeid, seier pressesjef Anne Cecilie Lund-Andersen i Aker Solutions til NRK.

Aker Solutions, Ågotnes

NEDGANGEN HELD FRAM: Etter mange tidlegare nedskjeringar på Ågotnes varslar Aker Solutions nå nye permitteringar.

Foto: Sigurd Hamre / NRK

Ordførar fryktar konsekvensane

Ordførar i Fjell kommune, Marianne Bjorøy (Ap), seier permitteringsvarselet kom overraskande.

– Dette kan få store konsekvensar mellom anna med tanke på økonomi. Det blir færre arbeidsplassar, lågare skatteinntekter og fleire tilknytt Nav. Slikt får konsekvensar for heile samfunnet, seier Bjorøy.

Marianne Bjorøy

ORDFØRAR: Marianne Bjorøy i Fjell kommune er uroa for konsekvensane.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Ho tykkjer det er skremmande kor fort arbeidsløysa har auka dei siste åra.

Trur det lysnar i 2018

Dei tilsette i Aker Solutions vart i dag tidleg innkalla til møte kl. 10.00:

– Dette er veldig trist for både den enkelte og for lokalsamfunnet. Vi har vore gjennom to nedbemanningar det siste halvanna året. Med denne tredje blir det endå meir einsamt i gangane.

Tommy Angeltveit

TILLITSVALD: Klubbformann for LO-forbundet Industri Energi i Aker Solutions på Ågotnes.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Det seier Tommy Angeltveit, som er klubbformann for LO-forbundet Industri Energi i Aker Solutions på Ågotnes.

– Har Aker og FMC samkøyrt sine permitteringsvarsel?

– Det veit eg ikkje, men også dei tidlegare nedbemanningane har blitt varsla med berre timars mellomrom i dei to bedriftene, seier Angeltveit.

– Vi trur nok marknaden vil gå opp att, men det skjer nok ikkje før seint i 2017. Vi har trua på at når vi kjem oss gjennom neste år ser vi lysare tider i møte.