30 personar isolerte i Luster

Kring 30 personar er isolerte og førebels fire personar evakuerte etter flaumen i Fortunsdalen og Mørkridsdalen i Luster. – Fleire hus står i fare og sju personar i tre bustader har fått beskjed om å vere klar til å evakuere, seier ordførar Ivar Kvalen om situasjonen i Mørkridsdalen.