Hopp til innhold

Chrisander (3) blei skadd for livet då han tok på glovarm omn

Fleire små barn skadar seg i møte med varme peisomnar. Chrisander (3) veit ikkje om hendene hans nokosinne vil verta normale igjen.

Chrisander Eide Kristoffersen, og mamma Lisa Maria Eide Kristoffersen.

BANDASJE: Sidan februar 2020 har Chrisander Eide Kristoffersen hatt bandasje på hendene grunn brannskaden han fekk. Dei håpte han kunne få dei vekk i haust, men så oppstod nye komplikasjonar. Her med mamma Lisa Maria Eide Kristoffersen.

Foto: Olav Røli

Folk fyrer som gale i møte med rekordhøge straumprisar. Men det kan fort få fatale konsekvensar.

– Det som skjedde tok berre få sekund. Men det vil vera med og prega Chrisander for resten av livet.

Lisa Maria Eide Kristoffersen tek eit godt tak rundt sonen Chrisander (3) på sofaen heime i stova på Stord i Vestland.

Ved sida ligg fleire rullar bandasjar og ei saks. Det har følgt familien og hendene til 3-åringen sidan februar 2020.

Hadde fyrt i omnen

Februardagen, for halvtanna år sidan, opplevde Lisa Maria alle småbarnsforeldre sitt mareritt. Ho hadde fyrt i peisomnen som stod i eit hjørne i stova, omkransa av ei grind slik at ikkje den då 15 månader gamle sonen skulle brenna seg.

Det var avisa Sunnhordland som først omtalte denne saka.

Men i løpet av få sekund, med guten ute av sidesynet medan ho vaska hendene på badet, hadde guten klart å komma seg inn bak peisgrinda som ikkje var skrudd fast i veggen.

Brannskadd gut

FRUSTRASJON: Å ha hendene i bandasje er ikkje så kjekt for ein liten gut. Han har mange gonger vore frustrert.

Foto: Privat

Søsken varsla kva som skjedde, og Lisa Maria kom springande dei få metrane frå badet. Inne i grinda stod Chrisander, med handa fast på den glovarme peisen. Han hadde brent både hender og panne.

– Han grein ikkje, men gav berre frå seg små klynkelydar, fortel ho.

Dei skjønte med ein gong at dette var alvor. I dusjen starta dei nedkjøling, og ambulanse vart tilkalla.

Vedfyring
NB: STERKE BILETE Februar 2020: Chrisander (15 mnd) forsvann inn i stova. Det var full fyr i peisen.
Alvorleg skade hos barn
Dette ble resultatet. Ei lita hand, etter møte med glovarm peisomn
Brannskadd gut
Også panna fekk store brannskader. Hud måtte hentast frå bakhovudet.
Halding har vorte ein del av kvardagen til familien. Her for å få til såret i panna.
Brannskaden har ført til mange operasjonar. Å halda fast ein liten gut er tungt for foreldra.

Fleire barn får skadar

Først vart guten frakta til sjukehus, men rett etterpå vart han teken med i luftambulanse til brannskadeavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus. Den einaste spesialavdelinga for brannskadar i Noreg.

Brannskadde Henrik (1) ventet i 12 timer

Dei har for første gong talt opp kor mange barn som kjem til dei etter å ha lagt hendene sine på moderne peisomnar. I perioden 2018 til 2020 var det i snitt ti barn per år som fekk skader av same type som Chrisander.

Ragnvald Ljones Brekke, avdelingsoverlege Brannskadeavdelingen Haukeland.

FLEIRE SKADAR: Ragnvald Ljones Brekke er avdelingsoverlege ved brannskadeavdelinga på Haukeland universitetssjukehus. Han møter fleire barn som får skader i møte med peisomnar.

Foto: Gerd Johanne Braadland / NRK Vestland

– Me får no inn fleire barn som har fått skadar i møte med moderne peisomnar. Før var det fleire skadar etter at ungane hadde lagt hendene på komfyrar, seier Ragnvald Ljones Brekke, avdelingsoverlege ved spesialavdelinga på Haukeland.

Det er barn mellom 9 og 15 månader som dominerer i statistikken. Brekke trur store glasflater med eld inni er tiltrekkande for små barneauge.

– Forteljingar frå pårørande seier at så små barn berre vert ståande å halda på omnen og brenna seg. Dette er noko ein fryktar, sidan barnet då få meir alvorlege skader, seier han.

For mange barn vil brannskadar i hendene føra til mange år med behandling og oppfølging på sjukehus.

I verste fall er dei merkte for resten av livet.

Den brannskadde handa til Chrisander. Dette er seks dagar etter skaden.

SEKS DAGAR ETTER: Slik såg handa til Chrisander ut, seks dagar etter den alvorlege skaden.

Foto: Privat

Tiltrekt av opne flammar

Haukeland universitetssjukehus får berre inn dei aller alvorlegaste brannskadane. Dei mindre alvorlege skadane vert behandla på lokale sjukehus, og Norsk Forening for Brannskadde trur mørketala er store.

– Årleg er det veldig mange som brenn seg, på alt frå peisomnar, til kaffikoppar og kasserollar med kokande vatn. Størsteparten er barn under seks år, seier Monica Hansen, leiar i foreininga.

Ho har også eit inntrykk av at fleire små barn vert brannskadde i møte med varme peisomnar, med store glasflater.

– Barn vert tiltrekt av å sjå flammar, og det står fram som spennande for dei. Før var omnane utan glas, og då var dei ikkje like spennande, seier Hansen.

«Berre ei brannskade»

Heime på Stord fortel Lisa Maria og ektefellen Thomas Kristoffersen om ei tøff tid. Dei har opplevd å få skuldingar frå andre om at dei ikkje passa godt nok på sonen, og folk har bagatellisert brannskadane hans som «berre ein brannskade».

– Når han har brunne seg ein gong, så brenn han seg ikkje ein gong til, er mellom dei haldningane me har høyrt.

Brannskade i panna.

SÅR I PANNA: Hud frå bakhovudet er brukt for å få fin hud i panna til Chrisander.

Foto: Privat

Sjølv veit dei at skadane har ført til mange narkosar, sårstell, infeksjonar, og bandasjering for den vesle guten. Med narkosar høyrer også kanylar og sprøyter, noko ein liten gut fort skjønar ikkje er kjekt. Og utan godt språk, har han ofte vist sin misnøye over situasjonen med å vera fortvila og grina.

– Me har måtte halda han fast mange gonger. Det har vore verst, seier foreldra.

Halding har vorte ein del av kvardagen til familien. Her for å få til såret i panna.

MÅ HALDA: Ein liten gut vil slett ikkje alltid gjera det som er naudsynt. Mange gonger har pappa Thomas Kristoffersen måtte halda sonen fast. Her er det panna som vert reinsa.

Foto: Privat

Eviglang behandling

No i oktober trudde dei at bandasjane skulle vekk, for første gong sidan februar 2020. Men nokre negler heldt på å ramla av, så bandasjen måtte på igjen. Ungar veks, huda utviklar seg, og då vert fingrane fort krumme når hudparti inni hendene er djupt skadde.

– Massasje og fysioterapi er også noko me må gjera. I februar er det også inn til Haukeland på ny, fortel Eide Kristoffersen.

Trass i alle operasjonar og oppfølging er det ingen som heilt veit korleis hendene til Chrisander vil verta i framtida.

Ut på tur: Chrisander er aktiv og glad gut, som likar å vera ute og leika.

TRIVST: Chrisander likar seg godt ute, men spør alltid om å få på seg vottar. Først når han vert større og får eit betre utvikla språk, kan foreldra få veta korleis funksjonen er på hendene hans.

Foto: Olav Røli

– Han kan nok aldri leika som andre barn medan han er barn. I alle fall ikkje når han må ha må bandasjar, seier Thomas Andre Kristoffersen.

– Målet er best mogleg funksjon. Men det skal seiast at nokre delar av fingertuppane er brent vekk, og ein kan ikkje gjera noko med det som ikkje er der lenger, seier Lisa Maria Eide Kristoffersen.

Fjerna omnen

Etter ulukka vart peisomnen fjerna, og no varmar dei opp med varmepumpe. Dei veit ikkje om omnen kjem tilbake igjen. Og dei har følgjande åtvaring til andre småbarnsforeldre.

Her står peisomnen som vart brukt.

BORTE: Etter ulukka vart peisomnen teken vekk. No «fyrer» dei berre med straum og varmepumpe.

Foto: Privat

– Bruk peisgrind, og skru ho fast, seier faren Thomas Kristoffersen.