Hopp til innhold

2,7 mill for ein legevikar

Styremedlemmene i Helse Førde vart skremde av prisen på ein vikarlege.

Nordfjord Sjukehus
Foto: Ottar Starheim / NRK

- Omrekna i hele stillingar kostar kvar vikarlege oss nærare 2,7 millionar kroner i året. Heile styret tenker at dette går ikkje lenger. Vi er nøydde til å sjå på dette og alle i styret sa i dag at dette er ein viktig del av strategiarbeidet vårt, seier Øberg.

Les og: Kuttar i psykiatrien

Les og: - Harde tider for Helse Førde

Treng vikarlegar

Tala vart vist fram for styret i samband med Øberg si lenge varsla gjennomgang av funksjonsfordelinga ved lokalsjukehusa på Eid og i Lærdal, kontra sentralsjukehuset. 31 prosent av legestillingane på Eid blir fylt av vikarlegar, medan tilsvarande tal for Lærdal er 21 prosent. Samtidig er vikarlegane heilt naudsynte for at sjukehusa skal kunne gjere oppgåvene sine.

Må sjå på funksjonane

- Med den økonomiske situasjonen vi er i og oppgåvene vi skal løysa må vi sjå på dette.
- Kva meiner du med å ”sjå på”?
- Målet vårt med strategiarbeidet er å redusere vikarbruken. Vikarlegane er nødvendige, men når det har gått så langt så kan vi ikkje drive Helse Førde på denne måten lenger.

Med "strategiarbeid"og "funksjonsfordeling"meiner Øberg kva medisinske oppgåver som skal utførast på ein, to eller alle tre sjukehusa i fylket.

- Det eg tenker er at vi skal ikkje drive med alt på tre plassar lenger. Det betyr at noko av det vi gjer på tre stader i dag blir redusert til ein eller to plassar.