Hopp til innhold

Her er vegløyvingane

Regjeringa har løvyd 69 millionar kroner meir til samferdsle i Sogn og Fjordane.

E39 i Gaular

Statsbudsjettet har løyvd 2,6 milliardar kroner til vegane i Sogn og Fjordane.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Regjeringa leverer den mest ambisiøse transportplanen som nokon sinne har vore lagt fram, seier kommunalminister og Senterparti-leiar Liv Signe Navarsete i ei pressemelding.

Ein milliard til rassikring

Det ligg inne ein auke på 2,6 milliardar kroner til samferdsle i statsbudsjettet for 2011 som vart lagt fram klokka ti i dag. Det er kome på plass ein milliard kroner til rassikring. Av dette får Sogn og fjordane 69 millionar kroner.

– Eg er glad for at vi no får på plass ein rassikringsmilliard, noko som vil tryggje folk sin daglege reiseveg til arbeid og skule mange stader i landet, seier Navarsete.

30 millionar til Strynefjellstunnelane

I statsbudsjettet er det framlegg om 114 millionar kroner til Riksveg 15 mellom Måløy og Otta. Av dette går 30 millionar til strakstiltak i tunnelane på Strynefjellet, som er for tronge for tungtransporten.

Dagleg leiar Rolf Olav Tenden i Thor Tenden Transport har i mange år argumentert for at noko må gjerast, og han er glad for at det no kjem pengar.

– Det er ein start, det blir ikkje nye tunnelemeter av 30 millionar, men vi kan iallfall få sikra kvelva og få større takhøgde. Men det er ikkje nok til at vi kan få 4,20 meters høgde i tunnelane.

(Artikkelen held fram under boksen)

Meir vedlikehald

– Regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett for 2011 vil medverka til å stogge forfallet på riksvegane i Region vest, seier regionvegsjef Olav Ellevset.

– Meir midlar til drift og vedlikehald gjer at vi kan auke innsatsen på område som tunnel, bru og dekkelegging. Det vil også gje rom for tiltak som vil forlenge levetida på vegdekket, seier Ellevset.

Region vest har fått 140 millionar kroner til planlegging i 2011. Dette er ei auke frå fjoråret med 65 millionar kroner.

– Når det kjem til langsiktig planlegging har vi til no vore for dårlege. Den store auka i neste års budsjett vil gjere oss i stand til å planlegge fram i tid, og dermed kome raskare i gang med bygging av nye vegar, seier regionvegsjefen.