Hopp til innhold

298 utan barnehageplass

Halvparten av kommunane i Sogn og Fjordane har ventelister etter at første runde av barnehageopptaket for hausten er ferdig. Nær 300 born står på venteliste for å få plass.

Ei ringerunde NRK har gjort, syner at 298 ungar i Sogn og Fjordane står utan barnehageplass til hausten. Etter første opptaksrunde har 14 av 26 kommunar ventelister.

Lengst liste i Stryn

Den lengste ventelista har dei i Stryn kommune. Der står 56 ungar i kø for å få barnehageplass. Skulesjef i Stryn, Arne B. Berge, seier dei har merka ei stor auke i talet på søkarar.

- Då vi planla utbygging av tre barnehagar i Stryn rekna vi med at vi skulle ha bra kapasitet, men det ser ut som om alt er fylt opp, seier Berge. 

Maksprisen er årsaka

Blant kommunane som har venteliste, trur mange at senkinga av maksprisen er årsaka til at fleire vil ha ungane i barnehagen. Maksprisreformen blei innført for to år sidan, og ein barnehageplass skulle då ikkje kosta meir enn 2750 kroner i månaden. 1. januar i år blei maksprisen senka til 2250 kroner. Kommunane i Sogn og Fjordane fortel om fleire søkarar og fleire som ynskjer full plass. Det har også vore ei auke i ungar under tre år på søkjelistene.

 - Maksprisen blir ein akseptabel pris for folk, og det er også forventa ein ytterligare prisreduksjon i løpet av 2007, seier Arne B. Berge i Stryn kommune.