Hopp til innhold

29 nye smitta i Bergen: Fleire kan knytast til to vidaregåande skular

Laurdag er det meldt om fire smittetilfelle berre ved Åsane videregående skole. Tertnes vgs. har fått påvist to smitta.

Nye Åsane vgs

NY SKULE: Åsane videregående skole og kulturhus opna i august i år.

Foto: Bergen kommune

  • NB! NRK refererte søndag føremiddag til Bergens Tidende om to nye tilfelle ved Tertnes vidaregåande skule. Dette er same tilfelle som NRK omtala laurdag kveld.

Fleire vidaregåande skular i Bergen har fått påvist smitte dei siste dagane.

Etter to dagar med låge smittetal, er det laurdag registrert 29 nye koronasmitta i Bergen.

Fire elevar frå Åsane videregående skole er blant dei nysmitta.

– Vi har ei meining om kor dette smitteutbrotet har sitt opphav. Det framstår som at det har gått føre seg innanfor ein vennegjeng, utanfor skulen, seier rektor Jan-Petter Storheim.

Laurdag kveld er det også klart at to elevar ved Tertnes videregående skole er smitta, to dagar etter at to andre elevar ved skulen fekk påvist smitte. Det stadfestar Vestland fylkeskommune. Dei to skulane ligg i Åsane bydel i Bergen.

Denne helga jobbar skuleleiinga i Åsane tett saman med smittevernkontoret i Bergen for å få oversikt over smittekjelda. Dei fire elevane går i tre ulike klasser ved skulen.

Elevar i ein av klassene blir no sett i karantene. Elevar i dei andre klassene blir oppfordra til å gå i karantene. I alt er det venta at meir enn 100 elevar kjem til å vere heime frå skulen på måndag.

Rektor seier det er heilt avgjerande å få kontroll på smittutbrotet på eit tidleg tidspunkt.

Det verste scenariet han ser for seg no er at ein må stenge skulen, som i vinter. Men seier han håper å unngå dette med dei tiltaka som er sette inn.

– Vi har erfaring med å stenge skulen. Enkelte elevar syntest det var gøy nokre dagar. Etter kvart som vekene gjekk ønskte den mest introverte eleven seg tilbake på skulen, seier Storheim.

Fleire skular med smitte

Det som gjer situasjonen meir uoversiktleg er at det har vore fleire enkelttilfelle på ulike videregåande skular i Bergen dei siste dagane.

Fredag vart det påvist et tilfelle ved Amalie Skram vgs. I tillegg vart det påvist eit tilfelle ved Fagskolen i Hordaland og eit ved Stend videregående skole.

Tidlegare har det også blitt påvist smitte ved Olsvikåsen vgs., Langhaugen vgs., Fyllingsdalen vgs. og Nordahl Grieg vgs., men her er det for tida ikkje aktive tilfelle.

Ein del av smittesporinga som skjer no handlar om å avdekke om smitten kan ha gått mellom skular i bergensområdet.

– Det er litt tidleg å seie på noverande tidspunkt. Dersom det dukkar opp opplysningar som tilseier at det kan ha skjedd så prøvar vi å finne ut av det, seier smittevernoverlege Karina Koller Løland i Bergen kommune.

Pressekonferanse med Bergen kommune om koronasituasjonen

SMITTESPORING: Smittevernoverlege Karina Koller Løland seier ein del av smittesporinga no handlar om å avdekke om smitten kan ha gått mellom skular i bergensområdet.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Ho seier det er første gong dei har registrert så mange smitta på ein skule, på ein gong.

– Det er ikkje kvar dag at så mange skuleelevar er smitta samstundes. Det er grunn til å tenke at dei kan ha ein samanheng med kvarandre, seier ho.

No må elevane i grundige samtalar med smittevernkontoret for å kartlegge kven dei har vore i kontakt med.

– Vi prøver å sjå det litt frå eit fugleperspektiv. Sjå om vi kan sjå samanheng mellom dei ulike smitta. Då må vi finne ut kva dei seier. Om det er eit arrangement eller eit treffpunkt som gjer at dei har samanheng med kvarandre.

Vil snakke med elevane

Også eigar av dei vidaregåande skulane er bekymra etter det som har kome fram i dag.

– Fire samstundes på ein skule, det er urovekkande. Vi ønsker å ha ein så normal driftssituasjon som mogleg ved skulane våre, seier fylkesdirektør for opplæring og kompetanse i Vestland, Bjørn Lyngedal.

Bjørn Lyngedal, rektor ved Amalie Skram vgs

BEKYMRA: Det er grunn til å kome med ei sterkare oppfordring om å halde nok avstand, seier fylkesdirektør for opplæring og kompetanse, Bjørn Lyngedal.

Foto: Privat

Også han har blitt orientert om korleis smitten skal ha skjedd.

– Truleg er det ei gruppe ungdommar som er venner og held mykje saman. Og som av den grunn har hatt kontakt med kvarandre. Dette veit vi ikkje nøyaktig, for smittesporinga må gjennomførast først, seier han.

Han har forståing for at det kan vere vanskeleg å opprettehalde nok avstand i ein skulesamanheng, men legg til:

– Vi kjem til å skjerpe inn reglane og oppfordre elevane til å halde nok avstand, seier Lyngedal.