Med berre sju treff på fire skytingar var han dårlegast av alle startande på standplass. Hafsås var 5.11 minuttar bak vinnaren.
Heller ikkje Stine Øvreberg frå Stårheim hadde ein god dag under dagens jaktstart. Ho enda på ein 27. plass heile sju minuttar bak den russiske vinnaren. Øvreberg vart likevel beste norske kvinne også i dagens konkurranse.