25 nye smitta i Bergen

25 personar har fått påvist korona i Bergen sidan i går. 14 er nærkontaktar, åtte har ukjent og tre har uavklart smitteveg. 1028 personar testa seg i går. Tilfella er jamt aldersfordelte, og dei fleste blir smitta i nære relasjonar, skriv kommunen.