Ein 25 år gamal mann blei i fjor sommar sikta for mordbrann etter ein brann i Lille Damsgårdsvei i Bergen 10. november 2018.
Tre personar fekk skader og to leilegheiter blei totalskadde i brannen.
Natt til 21. juli i fjor utløyste same mann ein omfattande redningsaksjon på Byfjorden i Bergen.
24-åringen hevda at ein båt hadde forlist og at fire personar var sakna. Hovudredningssentralen leidde leiteaksjonen, som gjekk føre seg i mange timar.
Gjennom natta heldt mannen fast på sin versjon av saka, trass i at alt var oppspinn.
No har Statsadvokaten i Hordaland og Sogn og Fjordane tatt ut tiltale mot 25-åringen.
Tiltalen gjeld brannstiftinga og totalt sju tilfelle av falske naudmeldingar i perioden 2015-2019.
I tillegg er han tiltalt for å ha slått og sparka ein mann i Bergen sentrum 17. mai i fjor.
– Tiltalen viser at det har skjedd eit par nye straffbare forhold etter brannen. Etterforskinga har avdekka fleire forhold som også har skjedd før brannen, og nokre av desse er tatt inn i tiltalen, seier politiadvokat Sigrid Sulland i Vest politidistrikt.
Tente på gardin i eiga stove
25-åringen har sete i varetekt sidan han sjølv bad om å bli varetektsfengsla etter den falske naudmeldinga i fjor sommar.
Han erkjente å ha stått bak brannen på Laksevåg, men blei ikkje framstilt for varetektsfengsling.
Ifølge tiltalen starta han brannen ved å tenna på ei gardin med ein lighter i leilegheita han sjølv leigde. Brannen spreidde seg deretter vidare i huset.
«Det oppholdt seg flere personer i bygningen som lett kunne ha omkommet som
følge av brannen», heiter det i tiltalen.
- Les også:
Tiltalt for mordbrann
Mannen er tiltalt etter den såkalla mordbrannparagrafen. Den seier at den som er årsak til brann som lett kan medføra tap av menneskeliv, risikerer fengsel frå 2 til 21 år.
Det er altså ikkje noko krav om at nokon må ha mista livet for å bli sikta for mordbrannføresegnene.
I midten av mai tok førstestatsadvokat Eirik Stolt-Nielsen ut tiltale.
– Det er vanskeleg å seia noko om kor på straffeutmålingsskalaen denne saka ligg utan å førehandsprosedera. Men generelt sett ser me veldig alvorleg på saker med eldspåsetjing der liv kjem i fare, seier Stolt-Nielsen.
NRK har ikkje lukkast å få ein kommentar frå forsvararen til mannen.
La seg i vegbanen og ropte om hjelp
25-åringen er tiltalt for sju tilfelle av brot på paragraf 187 i straffelova, falsk alarm.
I tidsrommet frå 2015 og fram til 21. juli 2019 har han ved ei rekke tilfelle gitt uriktige meldingar til politiet om ulukker eller straffbare handlingar.
Andre gongar har han lege tilsynelatande medvitslaus i vegbana slik at andre har ringt naudetatane.
Fleire gongar har det ført til unødvendige utrykkingar for naudetatane.
Hovudforhandlingane startar i Bergen tingrett 19. juni. Det er sett av tre dagar i retten.