23.000 kan bli tatt ut i streik - slik kan kollektivtrafikken bli ramma

Viss ikkje LO og NHO vert einige i tariffoppgjeret, vert mykje av busstrafikken ramma i heile landet. Spesielt kollektivtilbodet i byar vert hardt ramma.

Bybanen på Birkelandsskiftet

PÅ STADEN KVIL: Bybanen må halde seg i ro viss det vert streik.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Fristen for einigheit mellom LO og NHO går natt til søndag. LO har varsla at over 23.000 tilsette kan bli tatt ut i streik viss det vert brot i oppgjeret.

Skyss varslar om store konsekvensar viss ikkje partane vert einige innan natt til søndag.

Målfrid Vik Sønstabø er direktør i Skyss, og minner om at svært mange blir råka dersom partane ikkje blir einige.

– Det vil råke veldig mange av oss som bur i Vestland fylke, og dei aller fleste vil merke ein eller annan konsekvens av dette streiken, seier Sønstabø til NRK.

Målfrid Vik Sønstabø

PÅVERKAR MANGE: Direktør i Skyss, Målfrid Vik Sønstabø, seier at den potensielle streiken blir omfattande

Foto: PRESSEBILDE / SKYSS

Ho rår vestlendingar til å finne andre måtar å kome seg rundt på viss streiken blir eit faktum.

– Ein kan samkøyre, gå, sykle, eller ikkje reise viss ein ikkje må reise, seier Sønstabø.

Råkar heile landet


Det er ikkje berre vestlendingar som kan måtte ta beina fatt frå søndag av.

Både Atb i Trondheim, Ruter i Oslo og Kolombus i Stavanger varslar selskapa at det vert store endringar i rutetilbodet viss streiken blir eit faktum.

Buss i trafikk

RUTER: Alle bussar i Oslo kan verta innstilt frå og med søndag.

Foto: Nadir Alam / NRK

Ruter melder at trikk, tog og t-bane køyrer som normalt, uavhengig av utfallet i meklinga.

Det same gjeld ikkje for Bergen, der bybanen vert ståande.

Du kan sjå oversikta over korleis kollektivtilbodet vert påverka nedanfor.

Kan ta 5.500 ut i streik

Yrkesorganisasjonens sentralforbund skriv på sine nettsider at dei kan ta ut 5500 medlem over heile landet viss ikkje partane vert einige.

Viss det vert ei opptrapping av konflikten kan endå fleire bli tekne ut i streik, med fire dagars varsel.

Leiar i YS Privat, Eirik Bornø, meiner kravert deira er moderat.

– Me håper sjølvsagt å unngå arbeidskonflikt, men dette er no opp til NHO. Å halde oppe kjøpekrafta er både eit på tide, men òg moderat krav i den situasjonen me er i no, seier Bornø.

Bornø understrekar at YS Privat har fleire medlemsgrupper i bransjen som ligg under 90 prosent av gjennomsnittleg industriarbeidarløn.

– Me kan ikkje la desse gruppene sakke ytterlegare akterut.