Hopp til innhold

No får 23 nye bygder breiband og raskt internett: Sjekk alle her!

23 bygdesamfunn i fylket får no tilbod om breiband og raskare internett. Prosjektleiar Olav Skarsbø sparar ikkje på krutet når han skal skildre kva dette betyr.

Bulandet

BULANDET: Bulandet og Værlandet i Askvoll kommune er berre eit par av mange bygder i 23 ulike kommunar som no vil få tilbod om raskare internett. Sjekk alle i faktaboksen lenger nede.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Det betyr at folk framleis kan bu i desse bygdene. Det går an å etablere seg for folk som har lyst å bu andre stader enn i byar og sentrale område.

Olav Skarsbø

– Dette er ein glad-dag. Det betyr at 23 bygdesamfunn eller grender får tilbod om høghastigheits breiband og internett. Det vil bli det største breibandløftet nokon gong i fylket, seier Skarsbø.

Sogn og Fjordane fekk 39 millionar av ein statleg pott på 160 millionar. Det utløyser 14 millionar ekstra i fylkeskommunale og kommunale midlar. Totalt vil 53 offentlege millionar spyttast inn.

– Pengane skal stimulere til breibandutbygging i område der det ikkje er kommersielt lønnsamt å bygge ut for leverandørane, seier Skarsbø

– Motverkar digitalt klasseskilje

Rundt 10 800 nye husstandar i landet får breiband, enten heilt nytt eller betre enn dei hadde før. I Sogn og Fjordane vil 2400 husstandar få breiband.

– Dei får eit tilbod på line med tettbygde strok. Det betyr at folk framleis kan bu i desse bygdene. Det går an å etablere seg for folk som har lyst å bu andre stader enn i byar og sentrale område, der breiband er ein naturleg del, seier Skarsbø.

Han meiner samfunnet endrar seg dramatisk og raskare enn nokon gong, og legg til at dei ser på dette som eit samferdsletiltak på lik line med veg, vatn og kloakk.

– Vi fekk varmt og kaldt vatn i huset for 30-40 år sidan, og no er det på tide at vi får fiber også. Denne tildelinga er med på å redusere det digitale klasseskiljet som er i ferd med å utvikle seg. Dette er den største breibandsatsinga som nokon gong har vorte gjort i fylket, seier Skarsbø.

(Artikkelen held fram under biletet)

Briksdalsbreen

OLDEDALEN: Turistar på veg til Briksdalsbreen. Der har dei hatt problem med å ta betaling grunna dårleg nett. Skarsbø i fylkeskommunen seier godt breiband er svært viktig for næringslivet rundt om i bygdene.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Viktig for næringslivet

Ikkje berre enkeltmenneske vil nytte godt av breibandet. Skarsbø meiner nemleg at det også er avgjerande for næringslivet.

– Ein kan etablere bedrifter som om dei var i New York eller kvar som helst i verda. Vi har mange eksempel på det, High Soft i Vik er eitt av dei. Det hadde aldri vore mogleg utan tilgang på det breibandsnettet ein har.

Det finst også eksempel på det motsette, der breiband har mangla, seier Skarsbø. For breiband er ein delt ressurs, og når det ikkje er nok kapasitet kan det skape store problem.

– I desse dagar vert det bygd breiband i Oldedalen, i eitt samfunn der ein knapt kunne ringe ut frå når hordar av turistar kom om sumaren. Det var ikkje mogleg å ta betalt på betalingsterminalane for varer og tenester, fordi nettet var oppbrukt av turistane som kjem og besøker dei fantastiske reisemåla vi har her, seier han.

Fiber til dei fleste

Tildelinga er sokalla teknologinøytral. Ein kan byggje kva type breiband ein vil, så lenge det er kostnadseffektivt og når flest mogleg innbyggjarar. Dei fleste som no får breiband vil få fiber til heimen, seier Skarsbø.

Olav Skarsbø

OLAV SKARSBØ: Prosjektleiar i fylkeskommunen.

Foto: Privat

Han fortel at fiber viser seg å vere mest stabilt, med same hastigheit om ein lastar opp eller ned. Grunna topografien med høge fjell, tronge fjordar og spreidd busetnad, må dei likevel nytte andre løysingar i enkelte av områda.

– For dei fleste betyr det ikkje så mykje korleis dei får dette breibandet levert. Det viktige er at dei får raskare internett. Alle innanfor desse områda vil få eit godt tilbod, seier Skarsbø.

– Er du redd for at satsinga for spreidd, at ein ikkje får satsa nok på enkeltstader?

– Dette er bygdesamfunn og grender i heile fylket som vil få sin rettmessige del. Eg er ikkje redd for at dette vert spreidd for mykje. Me evnar betre å bygge i 23 kommunar enn om vi hadde samla dette rundt ein region, seier Skarsbø.