Giftig attraksjon i fiskedisken

På fisketorget i Bergen ligg ein 225 kilo stor hai, men fiskeseljaren kan ikkje selje den til kven som helst. Eitt feiltrinn i tilberedinga kan føre til at du blir full eller sjuk.

Håkjerring på fisketorget i Bergen

STOR OG GIFTIG: Denne 225 kilo tunge håkjerringa kan gjere deg full og sjuk.

Foto: Renold Tennysen Christopher / NRK

Fiskehandlar Arnfinn Djukastein med hai

BOMKJØP?: Sjølv om fiskehandlar, Arnfinn Djukastein, får selt fisken synest han det er kjekt å ha attraksjonen i disken sin.

Foto: Renold Tennysen Christopher / NRK

– Dei har testa haikjøtet på hundar. Dei blei så fulle dei ikkje klarte å verken gå eller stå, fortel fiskehandlar Arnfinn Djukastein.

Om ein et kjøtet kan ein nemleg bli det ein kallar for «haifull». Det liknar på alkoholrus. Om trekkhundar får i seg kjøtet sovnar dei ofte. Då må hundekøyraren vente til hundane har fått sove av seg rusen, står det på Wikipedia.

– Om ein skal ete håkjerring må ein lage til den på ein heilt spesiell måte, slik at giftene i kjøtet blir brotne ned, fortel Djukastein.

Kan ikkje selje den

Kjøtet luktar ammoniakk og kan vere giftig, derfor kan ikkje fiskehandlar Arnfinn Djukastein selje den som vanleg mat. Men han føler likevel ikkje at han har gjort eit bomkjøp.

– Av og til må ein ta ein sjanse. Eg hadde håpt å tene gode pengar på haien, men det går ikkje, så sånn sett var det kanskje eit bomkjøp. Men ho er jo blitt ein flott attraksjon, seier Djukastein.

I Norge er det ingen sterk tradisjon for å lage til håkjerring. Om ein skal ete kan den gravast ned eller tørkast. Mellom anna på Island er dette vanleg.

Sprø fiskehandlar

Mange nysgjerrige tilskodarar har vore innom Fisketorget i Bergen for å ta bilete og sjå på håkjerringa.

– Folk lurer på kva slags fisk dette er og kor tung den er, fortel Djukastein.

Den 225 kilo tung håkjerringa er rundt tre meter langt og er ein ung ho-hai. Djukastein blei rimeleg overraska då grossisten ringte og lurte på om dei ville ha haien.

– Han sa dei hadde fått ei håkjerring i Øygarden og lurte på om det var ein sprø fiskehandlar som var villig til å ta den inn. Vi slo til, fortel Djukastein.

Håkjerring på fisketorget

TILSKODARAR: Mange har vore innom for å sjå på haien. Framleis er det nokre dagar igjen før håkjerringa blir tat ut av disken.

Foto: Renold Tennysen Christopher / NRK

– Aldri fått noko så stort

Ingmar Bakken frå Øygarden er fiskaren som fekk fangsten på 225 kilo.

– Eg drog opp garna mine vest for Øygarden, og så eg at det var noko stort ned i mørkret. Eg blei veldig spent på kva det kunne vere slags beist, fortel fiskaren.

Då håkjerringa kom opp i overflata såg Bakken kor stor haien faktisk var.

– Det var akkurat så vidt eg fekk ho over rekka. Eg har aldri fått noko så stort som dette om bord i dette området før, fortel han.

Før han leverte fisken frå seg la han ut bilete av haien på Facebook.

– Det har blitt mange kommentarar, fortel fiskaren.

Ny rekord?

Fiskehandlaren veit ikkje om nokon som har hatt så stor fisk i disken sin før. Det er godt mogeleg at håkjerringa frå Øygarden er ny rekord.

– Eg har høyrt om kveiter opp mot 120 kilo til sals her, men eg har ikkje sett det sjølv. Så vidt eg veit, er dette den største. No knuste vi rekorden, seier Djukastein.

Haien vil ligge på fisketorget som attraksjon nokre dagar til, for dei som aldri har sett hai på kloss hold før.

– Om det kjem ein islending eller nokon som veit korleis dei skal lage til haien, så skal ikkje eg nekte dei eit lite stykke av haien, seier fiskehandlaren.