Hopp til innhold

23 kommunar har mista bekymringsmeldingar

Over ei veke etter feilen vart oppdaga er det framleis uvisst om alle kommunane har løyst problemet. Bergen kommune har identifisert éin av dei som fekk meldinga si sletta.

Line Berggreen Jacobsen (Ap), byråd for barnevern og sosiale tjenester i Bergen kommune

BYRÅD: Barnevernsbyråd Line Berggreen Jacobsen i Bergen har bedt innbyggarar som er bekymra for at varslinga ikkje nådde fram om å melda seg. Så langt har dei identifisert ein meldar.

Foto: Linnea Skare Oskarsen / NRK

SISTE: Bergen kommune har identifisert ein av meldarane som fekk bekymringsmeldinga sletta.

– Den eller dei barna det gjeld er blitt følgt opp, skriv kommunen i ei pressemelding.

Meldinga kom i 2023 og er send inn av ein offentleg aktør.

– Vi er letta over at meldar har tatt kontakt med barnevernet og at dette er blitt følgt opp, seier byråd for barnevern og sosiale tenester, Line Berggreen Jacobsen.

Bekymringsmelding budfir barnevernet

BEKYMRINGSMELDING: På KS sine nettsider kan ein melda inn bekymringar til barnevernet. På sida må ein velje kommune før ein går vidare til neste steg. Visma er usikker på om 22 av kommunane som nyttar programmet «Familia» har installert oppgraderinga som fjernar den tekniske svikten.

Foto: Skjermdump

23 kommunar råka

Torsdag førre veke fekk leiinga i Bergen kommune beskjed om at det var oppdaga ei alvorleg teknisk svikt med systemet for bekymringsmeldingar til barnevernet.

Sidan september 2020 hadde programmet «Familia» sendt ut bekreftande meldingar til dei som varsla om barn og unge, utan at varsla faktisk vart registrert hos barnevernet.

Programmet vert brukt av 242 norske kommunar.

23 kommunar har meldt at dei har tapte bekymringsmeldingar.

168 kommunar seier dei ikkje har funne nokre avvik.

51 kommunar har enno ikkje svart.

Retta feilen – men må installerast på ny

Etter at feilen vart oppdaga vart den raskt retta. Ei oppgradering av programvara vart sendt ut til alle kommunar 31. mai.

I ei pressemelding fredag skriv Visma at dei no jobbar tett med kommunane for få installert oppgraderinga.

– 220 kommunar har rapportert til Visma at dette er gjennomført, skriv selskapet i meldinga.

Først meldte Visma at programmet vert brukt at 244 norske kommunar. No er talet justert til 242.

Pressevakt Lage Bøhren understrekar at dei ikkje veit om dei 22 resterande kommunane har oppgradert systemet eller ikkje.

– Her er me avhengig av tilbakemeldingar frå kommunane, og i nokre tilfelle ventar me framleis på dette. Det kan det vera fleire grunnar til, og dei har sjølvsagt ingen plikt til å varsla oss, seier Bøhren.

Han seier dei tilbyr hjelp til alle kommunar som treng det. Nokon har nytta seg av tilbodet, andre ikkje.

– Visma vil igjen beklaga stekt situasjonen som har oppstått, seier han.

Les også Varslingar til barnevernet har forsvunne: Ministeren varslar nasjonal gransking

Statsråder møter Fornybar Norge, Distriktsenergi og Samfunnsbedriftene

67 bekymringsmeldingar tapt

Visma, dei råka kommunane og nasjonale styresmakter jobbar no med å få kartlegga omfanget av dei tapte bekymringsmeldingane.

Så langt er dei kjent med 67 varslar som aldri vart registrert hos barnevernet som følge av den tekniske svikten.

Les også Slik vart Visma-feilen oppdaga: Kommunen varsla ikkje vidare på to månadar

Familiens hus i Bergen

Bufdir ber om «umiddelbare» tiltak

Barne-, ungdom- og familiedirektoratet (Bufdir) vil ikkje koma med ei eiga oppdatert oversikt fredag.

Onsdag denne veka sende dei eit brev til alle kommunane i landet og alle barnevernstenestene.

Der skriv dei at alle som brukar Visma Familia «umiddelbart» bør gjennomføra tiltaka Visma og KS har sett i verk. Samtidig gir dei alle kommunane i landet éi veke på å fylla inn eit spørjeskjema.

Bufdir understrekar at det er trygt å bruka nasjonal portal for bekymringsmeldingar, og at dei oppmodar kommunane om å halda fram med å bruka portalen.

Inntil vidare har KS endra praksis med å sletta bekymringsmeldingane som kjem inn etter 14 dagar. Det blir vanlegvis gjort av med omsyn til personvern, men no vil ingen meldingar bli sletta før det er sikra at alle kommunar som brukar Visma familia har retta feilen i sine fagsystem.

Line Berggreen Jacobsen (Ap), byråd for barnevern og sosiale tjenester i Bergen kommune

Barnebyråd Line Berggreen Jacobsen i Bergen har bedt innbyggarar som er bekymra for at varslinga ikkje nådde fram om å melda seg. Så langt har ingen gjort det.

Foto: Linnea Skare Oskarsen / NRK

Bad folk gi beskjed på nytt

Familieminister Kjersti Toppe har bedt dei som varsla barnevernet i perioden frå september 2020, og som mistenkjer at meldinga ikkje nådde fram, om å varsla på nytt.

– Eg ber Bufdir gjennom statsforvaltarane ha dialog med kommunane om dette, slik at oppmodinga om å melda på nytt også kan settas fram lokalt i dei kommunane som er ramma, sa Toppe til NRK onsdag.

Også barnebyråd Line Berggreen Jacobsen i Bergen har bedt kommunen sine innbyggarar om å ta kontakt om dei er redd bekymringsmeldinga aldri nådde fram.

I Bergen er dei kjent med 24 tapte meldingar. 21 av dei har framleis ukjent innhald og avsendar.

Hei!

Eg har dekka saka om dei forsvunne barnevernsvarsla. Er du råka av feilen? Har du informasjon eller tips i saka?