Raset gjekk seint fredag kveld mellom Oppedal og Bjordal i Høyanger kommune. På vegen ligg det ein del steinar, jordmassar og tre. Faren for fleire og nye ras gjer at vegen vert stengt til over helga.
Ein geolog har vore på staden for å vurdere i laurdag ettermiddag, opplyser Roger Nedberge Hille hos Vegtrafikksentralen.
Måndag skal dei gjere ny befaring og sende ut eit lag for å renske opp. Dei trur vegen kan opne tidligast tysdag.
– Ingen vart tekne av raset. Vi hadde mannskap som sperra av vegen på begge sider av raset, seier trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen i Bergen, Kristian Fauskan.
MÅ HA DAGSLYS: Vegen vert stengt fram til ein geolog får kontrollert rasstaden.
Foto: ARTUR SZAPROWSKIDet var ein entreprenør som melde frå om raset til Vegtrafikksentralen kl. 20.14. Raset er 20-30 meter breitt, og det er for det meste steinar og jord som ligg i vegbana.
Tilrådd omkøyring er fylkesvegen over fjellet mellom Matre i Hordaland og Bjordal i Høyanger.