Hopp til innhold

Stein på fleire tonn knuste uthuset til Tore: – Dette kunne gått veldig gale

Ein stein på fleire tonn dundra gjennom ein hage og knuste eit uthus på Osterøy. 20 bustadhus blei evakuerte. Laurdag kveld får dei fleste flytta heim att.

Steinras knuste uthus på Haus på Osterøy

KNUST: Steinen på fleire tonn ligg inne i uthuset til Tore Iversen. Han og kona stod berre nokre meter unna, inne i huset, då steinen small inn i skjulet.

Foto: Privat

Laurdag klokka 11.17 fekk politiet melding frå ein huseigar på Haus i Osterøy kommune om at uthuset hans var fullstendig knust av ein stor stein.

Steinen hadde losna frå ei skråning og dundra gjennom hagen til mannen.

20 hus blei evakuerte i frykt for at fleire steinar kunne koma ned etter eit døgn med svært mykje nedbør.

Like over klokka 16 opplyser kommunen at bebuarar i 16 av husa får flytta tilbake laurdag kveld. Dei fire husa som ligg næraste skråninga kor skredet gjekk, får ikkje flytta heim før geologen har vurdert raset på nytt sundag.

Blant dei er Tore Iversen, som fekk deler av uthuset sitt knust.

Stein knuste uthus på Osterøy

SMADRA: Vegg i vegg med huset ligg uthuset Tore Iversen nyttar som tørkehus og redskapsbod. Det fekk hard medfart. Rasfaren gjer at Iversen og naboane er evakuerte på ubestemt tid.

Foto: Privat

Naboen såg steinen koma

Iversen stod på badet då steinen kom byksande nedover fjellsida. Ein nabo blei ståande med hjarte i halsen medan han var vitne til steinen sin ukontrollerte ferd ned mot husrekkja.

– Han såg steinen ha retning mot huset. Like før, fem meter ovanfor huset vårt, stikk det fjell opp i dagen. Steinen kom byksande nedover i kraftige hopp og forandra retning i møte med fjellet. Heldigvis gjekk huset klar, fortel Iversen, som har budd i nabolaget i ei årrekkje.

Nabo Torbjørn Hetlevik dreiv skogrydding bak huset sitt då han såg steinen koma. Steinen på fleire tonn knuste sikringsvollen som Osterøy kommune fekk sett opp på 1970-tallet, og sette fart mot huset til Iversen.

– Det er bratt og ulendt her, så steinen fekk fort bra fart. Eg skvatt litt unna, før eg følgde steinen nedover. Eg skjønte at denne kom til å treffa noko, fortel Hetlevik.

Medan Tore Iversen var på badet, stod kona på kjøkenet. Romma ligg vegg i vegg, like ved uthuset der steinen trefte.

– Hadde steinen hatt same retning heile vegen, kunne dette gått veldig gale. Det blir spekulasjonar sjølvsagt, men det er best å ikkje tenka på det, seier Iversen.

Evakuerer 20 hus etter steinras på Haus på Osterøy

EVAKUERT: 20 hus er evakuerte i eit nabolag på Haus i Osterøy kommune. Tore Iversen bur i huset oppe til høgre. Laurdag føremiddag knuste ein stein uthuset hans.

Foto: Arne Frank Solheim / NRK

Mykje nedbør siste døgnet

Politiet har gjennom dagen fått fleire meldingar om mykje overvatn og steinsprang frå heile politidistriktet. Knappen seier at det sannsynlegvis er ein samanheng mellom den kraftige nedbøren og steinspranget, sjølv om det er for tidleg å trekka konklusjonar.

– Det har vore ekstremt mykje regn og det er naturleg å sjå dette i samanheng.

Tore Iversen samanfattar det siste døgeret på Haus slik:

– Mykje regn.

Når NRK snakkar med han er han på veg til dottera i Valestrandsfossen. Det er usikkert når han og kona får flytta heim igjen.

– Det er til dei grader eit rasfarleg område. Det er rassikra 20–25 meter sørover oppe i skråninga, ovanfor ein barnehage. Me har opplevd steinsprang her tidlegare, men ikkje så dramatisk som dette.

Rasutsett område

Nabo Torbjørn Hetlevik kjøpte huset i 1989. Han seier naboane er vane med steinsprang, men at det meste stansar i vegetasjon og jordvollen lenger oppe.

– Eg er ikkje veldig skremt og er heller ikkje bekymra for å bu her etter dette. Men du får ein støkk i deg når du ser noko sånt koma.

Rådmann Ingvild Hjelmtveit i Osterøy kommune opplyser til NRK at bustadfeltet ligg i ei bratt skråning og er utsett for steinsprang

– Me veit at dette er eit område som er utsett for steinsprang og har forståing for at folk kan verta redde. Det neste døgeret er det meldt både mykje vind og vatn. Det er ein del av vurderinga, seier Hjelmtveit om evakueringa.

Vil vurdera nye sikringstiltak

Osterøy kommune vil nøye vurdera nye sikringstiltak etter den dramatiske hendinga.

Nabo Torbjørn Hetlevik blei vitne til steinen si ferd nedover mot bustadfeltet. Han fortel at steinen dundra gjennom sikringsvollen som kommunen etablerte på 1970-talet.

– Det er naturleg at kommunen i lag med geologen vurderer dei sikkerheitstiltaka som er der i dag etter ei sånn hending, seier ordførar Lars Fjeldstad (Sp).