Hopp til innhold

20 000 oppdrettstorsk rømde i Bremanger

Den etterlyste torsken kom frå Isane i Bremanger.

Oppdrettsanlegg i Bremanger

Oppdrettsanlegg i Bremanger som anslagsvis 20 000 torsk rømde frå

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

- Det er gledeleg at me får meldinga, men den kjem alt for seint, seier Regiondirektør Hans Haddal i fiskeridirektoratet.

Kunne ikkje forklara observasjonar

Tidlegare på dagen måndag hadde Fiskeridirektoratet bedd folk melda frå om observasjonar av rømd oppdrettstorsk i Nordfjorden. Grunnen var at det på ny er gjort fangstar av det som truleg er rømd opprettstorsk.

Direktoratet hadde til måndag føremiddag fått melding om rømming frå to opprettsanlegg for torsk her i fylket. Den første fann stad i Selje i mars der 500 fisk rømde, og den andre rømminga var i Solund i august. Men Haddal kunne ikkje heilt forklara kvifor det no var gjort nye observasjonar av rømd oppdrettstorsk.

Les også: Mykje rømd regnbogeaure i fylket

- Ønskjer kjapp informasjon

Men utpå dagen måndag fekk direktoratet beskjed frå selskapet Norsk Marin Fisk i Davik om at rundt 20 000 fisk rømde derifrå for ein månads tid sidan. Grunnen skal ha vore reperasjon på ei not.

- Me ønskjer å få inn slik informasjon veldig raskt for å kunne setja inn tiltak. Denne saka må me undersøkja litt nærare, seier Haddal.