Hopp til innhold

2.200 kroner for eit hotellrom

Hotell Walaker i Solvorn skrur prisane til vers. Årsaka er at dei vil trekkje til seg gjestar som legg igjen meir pengar.

Walaker Hotell
Foto: NRK

- Det er mange fordeler med å skru opp prisen. Du får færre gjester, men dei som kjem legg att meir pengar. Vi får og mindre kostnader med drifta og vi treng ikkje gå for full maskin heile tida, seier hotellvert Ole Walaker.

Folk ser ikkje på pengane

Torsdag gjekk styreleiar i Arne Glenn Flåten i Visit Sognefjord ut og ba reiselivsaktørane i Sogn og Fjordane om å skru opp prisen på tilboda sine. Han viste mellom anna til at prisen ikkje lenger er det viktigaste for folk når dei skal velje reisemål.

Også direktør i Fjord Norge, Terje Devold meinte fleire kunne ta seg betre betalt.

- Med den medieomtalen vi no opplever internasjonalt, og auken i talet på gjestedøgn, så er det høve til å presse prisnivået ein del.

Prisauke på 1000 kroner

Walaker Hotell har gjort nettopp dette. For nokre år sidan var prisen på eit rom 1280 kroner. I år har dei sett prisen til 2200 kroner for dei same romma.

- Det skal vere ein viss inngangsbillett til perlene vi har på Vestlandet. Det bør ikkje vere på billegsal, seier Walaker.