Hopp til innhold

2-åring frakta vekk i luftambulanse

Dei to vaksne og barnet som var i ei trafikkulukke på riksveg 7 ved Vøringsfossen er ikkje alvorleg skadde. Barnet, ein 2-åring, har fått ei flenge i panna, men var vaken då politiet kom til staden. Mannen har smerter i ein ankel, medan kvinna har smerter i bryst og hofte. Luftambulansen held no på å lande, og Måbødalen er stengt for trafikk inntil vidare.

Trafikkulykke Vøringsfossen rv7
Foto: 03030-tipser