– Det var eit sjokk å komma på besøk til dottera vår og plutseleg sjå den høge veggen blokkera all utsikt, seier Aud Ingrid Skåla.
Ordførar: – Viktig at bebuarar blir høyrt
NRK fortalde fredag om dottera hennar, Grethe Skåla, som i 20 år har budd i bufellesskapet for psykisk utviklingshemma i Os, sør for Bergen.
Her naut ho utsikt mot naturen heilt til Bjørnafjorden kommune måndag 13. januar sat opp den 1,8 meter høge veggen som sperra heilt for sikta hennar.
Ordførar Trine Lindborg i Bjørnafjorden kommune vedgår at kommunikasjonen med dei pårørande har vore altfor dårleg.
Ho lovar ei rask løysing.
– Det viktigaste for meg er at bebuarane blir høyrde, seier Lindborg.
– Det er ulike syn
Einingsleiar for tilrettelagde tenester i kommunen, Torunn Haugen, seier det er for tidleg å seie kva løysing kommunen vil landa på.
Ho stadfestar at kommunen jobbar med fleire skisser til ei alternativ utforming på veggen ut frå innspel frå dei pårørande.
– Det er ulike syn på korleis dette skal løysast, men vi har fortløpande kontakt med dei det gjeld, seier Haugen.
– Tolmoda på brestepunktet
– Du kan jo tenka deg å bu ein plass i 20 år med utsikt, og så plutseleg kjem det ein slik høg vegg opp, seier Aud Ingrid Skåla.
Ho fortel at tolmoda no er heilt på brestepunktet, og tek ikkje løftet til ordføraren for god fisk.
– Me har ikkje høyrt eit einaste ord frå kommunen den siste veka. Eg har ikkje tru på at løysinga kjem raskt, seier ho.
Håpar på løysing om ei veke
Styreleiar Gerhard A. Hansen i den ideelle Stiftelsen Steindalen, som eig bustadane, fortel at han var i kontakt med kommunen tysdag.
Der la kommunen fram ein framdriftsplan for arbeidet med skissene til ein ny vegg.
– Slik eg forstår det, er målet å landa på ei løysing i løpet av ei dryg veke, seier Hansen.
Ordførar Lindborg understrekar at det er viktig for kommunen å finna ei løysing som passar for alle.
.
Blei ikkje varsla om veggen
Først dagen etter at den var komen opp fekk bebuarane brev om veggen. Brevet kom etter at foreldra hadde bedt om eit møte.
I brevet skriv kommunen at dei har sett opp veggen fordi dei vil skjerma bebuarane for innsyn.
– Det kunne ein klart med gardiner og persienner, meiner Kjell Skåla.
Han krev at kommunen riv veggen.
Kommunen vil ikkje utdjupa årsakene til at dei har sett opp veggen, og viser til teieplikta.