Hopp til innhold

19 nye smittetilfelle på NHH det siste døgnet – kommunen med drastiske tiltak

På Norges Handelshøyskole er 58 studentar stadfesta koronasmitta. No ser Bergen kommune seg nøydde til å ta grep, og byrådsleiaren ber studentar som har vore på fest om å gå i karantene.

Eksteriør, NHH

STENGER IKKJE: Til trass for 19 nye smittetilfelle berre det siste døgnet blir campus på NHH framleis ope.

Foto: Silje Katrine Robinson / NHH

Sidan fredag har 43 studentar ved NHH fått påvist koronasmitte. 19 av dei er stadfesta det siste døgnet. I alt er no 58 personar som studerer ved skulen smitta.

Skulen stenger no all fysisk undervising til og med fredag 11. september, og i dag kan studentane teste seg på skulen.

– Vi ønsker å bidra ytterlegare til at alle tilsette og studentar føler seg trygge. I tillegg vil det skape ein føreseieleg og oversiktleg situasjon, seier rektor Øystein Thøgersen, og held fram:

– Sjølv om det er skremmande må vi berre rette oss opp og gjere alt som står i vår makt for å normalisere situasjonen så fort som mogleg, seier han.

Måndag blei det oppretta ein teststasjon ved skulen. Over 300 studentar har allereie testa seg for koronasmitte. Svara er venta i løpet av 48 timar.

Kø ved smittestasjonen på NHH

TESTKØ: Over 300 NHH-studentar har testa seg sidan klokka 14 måndag.

Foto: Ingvild Ulset / NRK

Oppfordrar til karantene

Totalt er det registrert 66 nye tilfelle av covid-19 i Bergen. Alle dei smitta er mellom 19 og 27 år.

Måndag kom leiinga i Bergen kommune med ei oppdatering på smittesituasjonen. Dei ser alvorleg på dagens smittetal, og ter no grep for å få bukt med smitteutbrotet.

– I samråd med Folkehelseinstituttet vil vi i dag derfor oppfordre alle studentar som har vore på fest, eller andre liknande samkomer der smittevernomsyn ikkje har blitt varetatt, om å gå i ei sjølvpålagd karantene i ti dagar frå tidspunktet ein var på fest, seier byrådsleiar Roger Valhammer (Ap) under pressekonferansen måndag.

Målet er å få oversikt over utbrotet og hindre smittespreiing, slik at ein får stoppa utbrotet.

Helsebyråd Beate Husa sa at kommunen ser situasjonen som eitt utbrot, der studentar frå ulike skular har vore på dei same festane.

Ho gjentok at oppfordringa gjeld alle studentar i Bergen som har vore på studentfestar. I tillegg gjeld det andre personar som kan ha deltatt på studentfestar der smittevernreglar ikkje blei følgde, seier ho.

Klokken 14 gir byrådsleder Roger Valhammer, helsebyråd Beate Husa, medisinsk fagsjef Trond Egil Hansen og smittevernoverlege Karina Koller Løland siste nytt.

Klokka 14 gir byrådsleiar Roger Valhammer, helsebyråd Beate Husa, medisinsk fagsjef Trond Egil Hansen og smittevernoverlege Karina Koller Løland siste nytt.

Ikkje aktuelt å stenge campus

Også i andre delar av landet får koronaviruset konsekvensar for skular. I Hamar har 18 personar knytt til ein skule fått bekrefta smitte. I Kristiansand er opp mot 180 personar frå ulike skular sett i karantene, etter at ein familie fekk påvist covid-19.

– Tre av borna i denne gruppa går på tre forskjellige skular. Derfor har vi iverksett både karantene og smittesporing på to vidaregående skular og éin ungdomsskule, seier kommuneoverlege Dagfinn Haarr.

Ifølgje han har studentane som har testa positivt vore symptomfrie.

På NHH i Bergen vil ikkje skuleleiinga stenge ned campus førebels.

– NHH-leiinga har hatt samtalar med smittevernkontoret i Bergen kommune, som igjen har konsultert det nasjonale Folkehelseinstituttet, seier kommunikasjonsdirektør Geir Mikalsen ved NHH.

I dag blir også Bergen Legevakt på plass på skulen for at studentane kan teste seg for korona.

Geir Mikalsen, kommunikasjonsdirektør NHH

VURDERER FORTLØPANDE: Kommunikasjonsdirektør ved NHH, Geir Mikalsen, seier at leiinga på skulen føl utviklinga tett.

Foto: Synne Lykkebø Hafsaas

– Det vil vere mogleg å ta ein rask, gratis koronatest, skriv skulen til studentane.

Mikalsen håpar studentane vil kjenne seg tryggare etter at desse tiltaka blir innført.

– All undervisning finnast også digitalt dersom nokon ikkje vil gå i førelesning, seier han.

Urolege studentar

Fredag vart det klart at studentforeininga NHHS vedtok å stenge all aktivitet inntil vidare. Til då hadde idrettslaga gjennomført opptak kor fleire titals studentar har vore samla.

Leiar i NHHS, Marthe-Caroline Dahle, sa då til NRK at det har vore strenge smitteverntiltak knytt til opptaka. Ho meiner det var viktig å gjennomføre førstekullsveka.

– Smitten kjem ikkje nødvendigvis frå studentforeiningane, men at studentar omgåst på tvers av grupper. No set vi på bremsen slik at vi forhåpentlegvis ikkje får eit stort utbrot, sa Dahle fredag.

Måndag seier leiaren at ho synest det som skjer på skulen er skremmande.

– Dette er trist og skremmande. Vi veit ikkje kvar smitta har oppstått, studentane er veldig urolege. No har vi det plutseleg i vår eigen bakgard, seier leiaren.

– Vi skal ikkje feste på NHH dette semesteret, legg ho til.

Marthe-Caroline Dahle, leder NHHS

SKREMMANDE: Marthe-Caroline Dahle er leiar for NHHS. Ho meiner det utviklinga på NHH er skremmande.

Foto: Mette Anthun

På spørsmål om kvifor så mange er smitta på NHH samanlikna med andre utdanningsinstitusjonar, svarar Mikalsen følgjande:

– Det er vanskeleg å seie, men vi veit at det tydelegvis har oppstått smitte i nokre miljø og så har ein smitta kvarandre. Det har ført til ei såpass stor oppblomstring, seier han.

Smitten aukar hos fleire

Måndag stadfestar også Universitetet i Bergen til BA at to nye studentar har fått påvist smitte. Dermed har totalt elleve på universitetet testa positivt for covid-19.

På BI sitt campus i Bergen har det kome eitt nytt tilfelle, og skulen har totalt hatt fire smitta. 20 studentar er no i karantene, ifølgje skulen sine sider. Høgskulen på Vestlandet sitt campus i Bergen har framleis 26 smitta.

Ingen byar har meir smitte i studiemiljøet enn Bergen. Fredag var talet anslo smittevernoverlege Karina Koller Løland at kring 400 er eller har vore i karantene som følgje av smitteutbrotet blant studentane.

Koller Løland seier til NRK at ho ikkje veit om at studieinstitusjonane har felles retningslinjer eller prosedyrar for smittevern.

Ho meiner det er viktig å ikkje gjere for store grep.

– Vi pleier ikkje å anbefale folk å avlyse arrangement dersom det ikkje er naudsynt. Ein må vurdere heilskapen, seier ho.