19-åring sikta for drapsforsøk med øks

ASKVOLL (NRK): Ein 19 år gammal mann er arrestert etter at ei kvinne i 60-åra i natt blei angripen med øks i sin eigen heim.

Politibil i Askvoll

ETTERFORSKAR: Politiet er på plass i Askvoll for å etterforska saka.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

– Vi har tatt kontroll på ein mann på 19 år. Han er førebels sikta for drapsforsøk, seier fungerande tenestestadsleiar Kåre-Jan Hofrenning.

To kvinner i 60-åra blei i firetida i natt angripne i eit hus i Askvoll.

– Vi fekk melding om at ei kvinne var hardt skadd etter å ha blitt angripen av ein ung mann medan ho sov på rommet sitt.

Kåre-Jan Hofrenning

POLITIET: Kåre-Jan Hofrenning er tenestadsleiar.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

Det skal ha blitt brukt ei øks som ho truleg har fått skader av.

Kvinna fekk skader i både i arm og i hovudet og blei sendt til Førde sentralsjukehus.

Det skal ikkje vere livstrugande skader.

Den andre kvinna høyre bråket og prøvde å avverje situasjonen. I basketaket som følgde har ho fått lettare skadar som gjorde at ho vart sendt til legevakta for oppfølging.

Sikta blir ivareteken av helse

Politiadvokat Trine Frantzen opplyser til NRK at politiet har iverksett både taktiske og tekniske etterforskingssteg.

Det blir gjennført krimtekniske undersøkingar av åstaden, og politiet har starta arbeidet med å avhøyre vitner.

– Den sikta blir ivareteke av helsepersonell, seier Frantzen.

Den sikta 19-åringen har ikkje blitt avhøyrt enno, men Frantzen seier dei vil forsøke å avklare dette i løpet av onsdag. Det vil òg truleg bli fremja ei begjering om varetektsfengsling for sikta, onsdag.

Fann øksa i uthuset

19-åringen blei arrestert på utsida, mellom huset og eit uthus på tunet. Pågripinga skal ha gått udramatisk føre seg.

I uthuset fann politiet ei øks som skal ha blitt brukt under valdshendinga.

Dei kan ikkje seie noko om mogleg motiv eller relasjonen mellom dei tre i huset.

– Vi veit lite om relasjonen, anna enn at gjerningspersonen har vore ein slags gjest i huset. Elles har vi ikkje full oversikt, seier Hofrenning.

Har ikkje avhøyrt mannen

Kriminalteknikarar er på veg til Askvoll, og to politibetjentar held vakt på staden. Det er gjort fleire avhøyr, og politiet etterforskar saka vidare utover dagen.

– Vi vil også prøve å avhøyre gjerningsmannen, seier Hofrenning.

Politiet veit førebels ikkje om det er rus involvert, men har teke prøvar.

Politiadvokat Trine Frantzen seier det blir jobba for å skaffe forsvarar til mannen.

– Mannen er sikta, og saka blir etterforska som eit drapsforsøk.

Vakna av politiaksjonen

Ketil Dalsøren

NABO: Ketil Dalsøren bur i nærleiken.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

Mange i Askvoll vakna i natt av politiaksjonen. Ein av dei var Ketil Dalsøren.

– Vi vakna av helikopteret, og så kom brannbilar, ambulanse og politi. Eg køyrde for å sjå, men snudde og køyrde heim. Det var ein som sa det var best å halde seg innandørs, så eg gjorde som han sa.

Han fortel om eit til vanleg stille og roleg nabolag, og at folk i Askvoll er skaka over det som har skjedd.

– Eg er litt rysta. No får vi håpe det går bra med dei det gjeld.