Etter seks strake tap, var det før kveldens kamp klart at Brann hadde hastverk med å ta tre poeng.
Sigeren var eit faktum etter at både Heggebø og Simba skåra sine fyrste mål, i tillegg til eit sjølvmål.
Dermed slapp dei å tangera Kongsvinger sin «rekord» frå 1999, nemleg å tapa dei sju fyrste kampane i ein eliteseriesesong.
Tett kampprogram
Saman med Rosenborg er det berre Brann som har spelt sju kampar dei siste 21 dagane.
Til dømes var dagens kamp Strømsgodset sin fjerde i årets sesong.
Brann-trenar Kåre Ingebrigtsen meiner oppsettet har vore ufordelaktig for Brann.
– Det er ikkje noko å lura på. Men me har heldt kjeft og malt på.
Ingebrigtsen er nøgd med å ha sett inn Heggebø.
– Det var ein genistrek. Aune kom inn og viste tilstadeverelse, seier trenaren.
– Kvar tyder denne sigeren?
– Eg veit ikkje om de vil forstå kva dette tyder for heile gruppa. Eg håpar og trur me tar med oss sjølvtilliten inn i landslagspausen, seier Ingebrigtsen.
Håpar på meir speletid
– Det er ein sinnssjukt deilig følelse, seier Heggebø etter kampen.
Den unge lokale spissen er ikkje overraska over at han fekk tillit frå start i dag.
– Eg fekk beskjed i går, og har prøvd å vera klar heile sesongen.
No håpar han på meir speletid og fleire høve til å skåra mål.
– Me i gruppa tenkjer at me kan slå alle, me går inn i alle kampar for å vinna.
– Mykje surr
Strømsgodset har no teke fire poeng på fire kampar.
– I dag kom me ikkje i gang slik me ynskte. Me brukte ein omgang på å koma i gang, seier Strømsgodsettrenar Håkon Wibe-Lund.
Andre omgang meiner har derimot hadde fleire lyspunkt.
– Me spelte fotball slik me vil spela, og greidde å skapa sjansar.
Dei neste to vekene er det landslagspause. Den tida vil Strømsgodset bruka på å restituera. Det trur midtstoppar Gustav Valsvik dei vil trenga.
– Gutane såg veldig slitne ut i dag. Det såg litt daudt ut, var mykje balltap og mykje surr, seier han.
Sjølv skåra han sjølvmål, men let seg ikkje prega så mykje av det.
– Det var vanskeleg å stokka beina, og det gjekk ganske fort der, seier stopparen.
Klart best i fyrsteomgang
Etter ti minuttar spelt, var det tydeleg at det var heimelaget som hadde tenkt til å styra kampen. Daouda Bamba hadde sett ballen ein liten meter til høgre for målet, og Robert Taylor tvang Strømsgodset sin keeper Viljar Myhra til å liggja vassrett for å redda eit skot frå venstre.
Etter 12 minuttar var spelt vart Taylor lagt i bakken av Ingimundarson innanfor 16-meteren. Petter Strand sette straffa halvhøgt til høgre i målet, men Myhra fiska ballen over tverrliggaren.
Det heile likna ein marerittreprise frå torsdagens kamp mot Stabæk, men berre sekund etter skåra 19 år gamle Aune Heggebø sitt fyrste mål for dei raude bergensarane. Ein umarkert Heggebø kunne stiga opp på bakarste stolpe og enkelt stanga ballen i mål.
Rett før halvtimen var spelt på stadion, vart det igjen klart kven som styrte spelet. Daouda Bamba stod klar til å styra inn eit innlegg frå Robert Taylor. I staden hamna det knallharde innlegget i foten til bortelaget sin forsvarar Gustav Valsvik, som sneik ballen forbi Myhra til stillinga 2–0.
Tettare i andreomgang
Då laga kom tilbake frå garderoben, var det tydeleg at også bortelaget ville skåra. Der Brann stort sett kontrollerte spelet i fyrsteomgang.
Strømsgodset kom stadig nærare å skåra på heimelaget. Til slutt var det likevel Brann som greidde å setja ballen i nota, også i andreomgang.
Med fem minutt igjen på klokka slo Fred Friday ein feilpasning, som Moonga Simba plukka med seg og sette i mål.