Hopp til innhold

188 millionar til Helse Vest

Regjeringa løyver 188 millionar kroner av krisepakken til Helse Vest.

Bjørg Sandal i Helse Vest seier det framleis er usikkert kor mykje som går til Helse Førde.

Men pengane skal gå til vedlikehald og oppgradering av sjukehus og andre institusjonar i helseføretaket.

Det er enno usikkert kva tid pengane vil bli fordelt.