Hopp til innhold

No får Geir og andre småbarnsforeldre merke det når 1800 nye lærarar streikar

Den lengste lærarstreiken nokosinne rammar no også fleire av dei yngste elevane. Utdanningsforbundet skuldar KS for å styre mot tvungen lønnsnemnd.

Geir Luedy leverer på tilsyn

TILSYN: Geir Luedy leverte dotter si på Nordnes skole måndag morgon. Ho får her eit tilbod

Foto: Sigurd Hamre / NRK

Den store lærarstreiken har no vart i over hundre dagar.

1800 lærarar blir 19. september tatt ut i fase sju av streiken. I alt er meir enn 8000 lærarar ute i streik.

No blir fleire og fleire av dei yngste elevane heilt ned til 2. trinn råka av streiken.

Mellom anna i Bergen treff streiken både foreldre og barn på ein heilt ny måte.

Måndag morgon var andreklassing Anna Woldseth på veg inn portane på Nordnes skule. Ikkje for å gå på skule, men for å vera på den såkalla «tilsynsordninga» som skulen har etablert.

– Eg trur det blir sånne hobby-greier. Eg trur ikkje det blir vanleg skule med lekser, seier Anna Woldseth.

– Det er greitt det, legg ho til.

Anna Woldseth

Andreklassing Anna Woldseth på veg inn portane på Nordnes skole for å delta på tilsynsordninga måndag morgon. – Ordninga er veldig grei for oss som har ting å gjera på dagtid, seier far Stig Woldseth.

Foto: Sigurd Hamre / NRK

Blir som lang-SFO

– Tilsynsordninga blir som ein lang dag på SFO på ein måte, seier rektor Sissel Karin Magnussen ved Nordnes skole.

Tilsynet blir gjort av fagarbeidarar og SFO-tilsette, ikkje lærarar.

Det blir med andre ord ein heilt ny skulekvardag for mange av dei minste.

På Nordnes skole kan 2. klasse få tre dagar i veka, medan 3. klasse kan få tilsyn to dagar i veka. 1. klasse er ikkje ramma av streiken, det er heller ikkje den forsterka avdelinga på skulen.

Småbarnsfar Geir Luedy i Bergen er ein av dei som i dag leverer sin andreklassing på tilsyn.

– Det er lærarane sin rett til å streika og barna sin rett til å gå på skule som står mot kvarandre her. Då tenkjer eg at barna sin rett burde stå mykje sterkare, seier Luedy til NRK måndag morgon.

Gjekk frå møtet søndag

Forhandlingane mellom partane i streiken ser ut til å vere heilt fastlåste.

Utdanningsforbundet reiste seg frå forhandlingsbordet etter to timar, då dei opplevde at KS ikkje ville rikka seg.

– KS har funne ein posisjon kor dei ikkje vil gjera noko. Dei sit stille og ser på at streiken rammar norske barn og elevar medan dei ventar på at regjeringa skal gripa inn, seier Steffen Handal, leiar i Utdanningsforbundet, på Politisk kvarter måndag morgon.

Verken Utdanningsforbundet, Norsk Lektorlag eller Skolenes landsforbund er kalla inn til møte hjå Riksmeklaren i dag, melder NTB.

KS og dei tre fagforeiningane var i går hjå Riksmeklaren.

Lærerstreik Bergen Gimle skole. Her er Bente Myrtveit og Steffen Handal i Utdanningsforbundet og klubbleder Synnøve Kirkebø utenfor Gimle skole i Bergen

Steffen Handal leier 8199 streikande lærarar i Utdanningsforbundet. I tillegg kjem Skolenes landsforbund med 72 streikande medlemmer og Norsk Lektorlag, som har teke ut 60 lærarar i streik. Tala er henta frå KS sin oversikt.

Foto: Charlotte Haarvik Sanden / NRK

Dette er dei ueinige om

Laurdag gjekk forbundet ut offentleg med forslaget dei hadde lagt fram for KS. Det er det svært uvanleg at ein part i ein streik gjer.

Forslaget handla i praksis om å prioritera lærarane i 2023:

  • Utdanningsforbundet vil akseptera den samla lønsramma for oppgjeret.
  • Tillegg for høgt utdanna og dei med lengst ansiennitet frå 1. juni i år, ikkje frå 1. mai som andre grupper i kommuneoppgjeret har fått. Det sparar kommunane litt på, argumenterer forbundet.
  • Og: Dei vil ha eit «skuletillegg» for alle lærarar frå 1. mai neste år på 10.300 kroner.

– Me følte me sto i valet mellom å offentleggjera våre forhandlingstilbod for å skapa bevegelse, eller bli sitjande stille med ein arbeidsgjevar som styrer mot tvungen lønnsnemnd, seier Handal.

– Det er veldig frustrerande å ha ein motpart som tar den haldninga, seier han.

Forhandlar med dei mindre fagforeiningane

KS sa nei til å vera med i Politisk kvarter, då dei framleis er i forhandlingar med dei to mindre fagforeiningane Skolenes landsforbund og Norsk Lektorlag.

– Det kan ikkje vera sånn at ein skal streika seg til meir løn på kostnad av alle andre som er på jobb i kommunal sektor, sa arbeidslivsdirektør Tor Arne Gangsø i KS etter brotet med Utdanningsforbundet sundag.

Skolenes landsforbund skuldar KS og Utdanningsforbundet for å driva ureint trav, og seier dei fekk vita om KS sitt tilbod onsdag i media. På same måte fekk dei og vita om Utdanningsforbundet sitt tilbod i media, hevdar leiar Mette Johnsen Walker.

Les også Rektoren ringes ned – frykter «drop outs» og akuttinnleggelser på psykiatrisk sykehus

Lars Berntsen, rektor Amalie Skram videregående skole

– Det betyr at eg sit i sofaen heime og ser på TV, høyrer på radio og les aviser og får vita at det går føre seg forhandlingar i ei konflikt me og er part i, seier Walker.

Dei vil i staden forhandla om ei løysing, men seier dei ikkje er kome like langt som Utdanningsforbundet.

– Me kom så seint inn i prosessen at me treng tid til å gjera våre avklaringar. Me er berre så vidt begynt, seier Walker.

Lærerstreiken trappes opp

Streikande lærarar i Bærumshallen tysdag 6. september.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB