Hopp til innhold

18 lister godkjende til fylkestingsvalet

Fylkesvalsstyret godkjente i dag 18 lister til fylkestingsvalet til hausten, melder Vestland fylkeskommune. Det kom inn 22 listeforslag. Fire av dei vart ikkje godkjende. Dei som ikkje vart godkjende er Alliansen, Innovasjons- og teknologilista, Generasjonspartiet og Kystpartiet. Mangel på underskrifter er årsaka til at dei ikkje vart godkjende.