Hopp til innhold

17 av 20 born støyter på uønskt pornografi

Dei fleste born som surfar på uskyldige nettstadar støyter på pornografisk materiale og får uønskte seksuelle tilnærmingar, seier Chatrine Elholm i SMISO.

Chatrine Ekholm

AHA-OPPLEVING: Chatrine Elholm seier dei fekk ei aha-oppleving då dei reiste rundt til sjetteklassingar i heile fylket. Det store fleirtalet støyter på pornografi og får uønskte seksuelle tilnærmingar på internett.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Vi fekk oss ei veldig «aha»-oppleving om kor utruleg utbreidd det er at born kjem inn på porno når dei er på nett. Det trur eg veldig mange lærarar og helsesøstrer i fylket vårt har fått og, seier Elholm.

Ho er dagleg leiar ved Senter mot Incest og Seksuelle Overgrep, SMISO, i Sogn og Fjordane.

I år har dei besøkt 705 sjetteklassingar i heile fylket for å snakke om vanskelege tema. Pornografi på internett har vist seg å vere noko som plagar dei unge elevane. Dei fekk seg ein vekkar då dei forstod kor vanleg det er at barn støyter borti pornografisk materiale på tilsynelatande uskuldige nettsider retta mot born.

– Vi hadde handsopprekking i klassen om kor mange det gjaldt for, kor mange det er som har kome inn på slike sider utan at dei ville det. I ein klasse med 20 elevar var det kanskje i snitt 17 som hadde opplevd dette. Det er bortimot alle.

– Det er hardbarka porno og chatting

Uønskte seksuell merksemd og pornografisk materiale er ikkje meint for barn, men oppteljing i klasseromma viste at dette var noko dei fleste hadde vore borti.

– Dei kjem inn på det utan at dei sjølve oppsøker det. Det poppar opp på barnespel og når dei søker på andre ting på nettet. Både reklame, og rett og slett slik chatting der vaksne personar kjem og prøver å ta kontakt med dei.

Elholm meiner dette er alvorleg.

– Dette er ikkje uskyldig seksualitet som blir vist, dette er hardbarka porno. Det var skremmande å sjå, seier ho.

Redde for å bli nekta tid på nettet

Skremmande pornografiske bilete og vaksne menn som sender slibrige tilnærmingar har altså blitt kvardagskost når barna surfar på internett.

– Dei tykkjer det er ekkelt. Dei tykkjer det er skremmande, og nesten alle seier at dei ikkje torer å fortelje det til nokon. Dei er redde for at foreldre skal nekte dei å spele eller vere på nettet. Så dei berre kryssar det ut. Men mange fortel at når dei kryssar det ut, så poppar det ofte berre opp meir og meir.

For å førebyggje at barn hamnar i uønskte situasjonar på internett, rår Elholm barna til å snakke med ein vaksen, og meiner også det er lurt å ha nokre reglar på korleis ein skal oppføre seg på nett.

Takksame born

Rådgiver i Barnevakten, Kjellaug Tonheim Tønnesen

VIS INTERESSE: For borna sin mediekvardag, rår Kjellaug Tonheim Tønnesen hjå Barnevakten.

Foto: NRK

Kjellaug Tonheim Tønnesen er rådgjevar hos Barnevakten, ein organisasjon som gir råd om barn og medium. Tønnesen har fleire råd til kva foreldre kan gjere for å passe på kva barna kjem over på internett.

– Det absolutt viktigaste er å vise interesse og prate med borna. Foreldre må sette seg inn i mediekvardagen til borna og sette seg inn i det dei synest er kjekt å halde på med. Gode råd er å vere opne, interesserte, vise interesse, gjere seg kjente med tinga, snakke med borna og snakke med andre foreldre.

Etter at SMISO har vore på besøk, får dei tilbakemeldingar frå elevane. Eit av barna skriv: «Takk, dette har vore til stor hjelp og motivasjon. Eg og to andre kompisar har lurt lenge på å ta kontakt.»

At born torer og lærer å snakke om vanskelege ting som overgrep, misbruk og pornografi, meiner Elholm er svært viktig.

– Mitt håp for framtida er at dersom borna lærer seg å snakke om desse vanskelege tinga allereie som born, at tabuet vert mindre når neste generasjon veks opp.

På barnevakten.no kan foreldre finne råd til korleis ein kan handtere barna sin nettbruk.