Hopp til innhold

17 artistar i Vestland har gått saman for å lage koronalåt

På kort tid skreiv han songen «Alt skal snu», og fekk med seg 17 artistar frå Vestland på framføringa.

– Eg har skrive ei vårvise der vi brukar symbolikken i isen som smeltar. Den passar godt inn i dagens verdsbilete. Mørke og tunge dagar skal snu. No er det vår og sommar, seier låtskrivaren, Aleksander Raftevold.

Aleks Grey er artistnamnet til Aleksander Raftevold, halvt honndøl oppvaksen i Heggjabygda.
Foto: Bengt Flaten / Fjordingen

Han fekk oppdraget med å skrive og produsere songen, etter ein ide frå programleiar i NRK Vestland, Stian Sjursen Takle.

Men det var ikkje ei enkel oppgåve då kvart bidrag måtte spelast inn i heimane til artistane.

– Det har vore kjekt. Men logistikken har vore krevjande då vi skulle samle inn bidraga frå så mange og samle alt i ein song og ein video. Men folk har vore flinke og på ballen, seier Raftevold.

Artistane frå Sogn og Fjordane har spelt inn låten i alt frå stover til heimestudio.

– På eit av vokalspora høyrde vi breking frå sauer i bakgrunnen, seier Raftevold.

Nølte ikkje eitt sekund

Andrea Santiago frå Måløy seier ho ikkje nølte eitt sekund då ho blei spurt om å vere med. Artisten, som også er russ i år, likte den positive bodskapen i låten.

– Det var eit såpass gøy prosjekt og ei viktig sak. Bodskapen i seg sjølv er viktig – at vi står saman. Det er fellesskap, berre på ein annan måte.

Andrea Santiago

– VIKTIG BODSKAP: Måløy-artisten Andrea Santiago sa raskt ja til å bli med på prosjektet.

Foto: NRK

Santiago syntest også det er positivt at artistar frå fylket kunne samlast om eit slikt prosjekt.

– Det var kjekt å sjå resultatet til slutt. Eg synest det er blitt veldig fint.

– Musikk er viktig

NRK-programleiar Takle trur musikken er ekstra viktig for mange i ei tid der koronaviruset har isolert folk på kvar sin tuft.

– Under koronaepidemien har vi sett at mange saknar konsertar, og i sommar blir det jo heller ingen musikkfestivalar. Difor er det fantastisk at denne gjengen med musikarar no har gått saman, seier han.

Artistane som er med er desse: Sofia Hyttedalen, Odd-Erik Lothe, Aleksander Raftevold, Vilde og Anna, Olav Stedje, Andrea Santiago, Iselin Solheim, Line Dybedal, Alice Hugøy, Maren Holmgren, Gunn Marit Kvåle, Gjest Kvåle og Inge Ronny Kvåle, Sebastian Berg, Madelen Berg og Halvor Folgerø.