Hopp til innhold

Tenåringar byggjer unik flysimulator – kan bli brukt av norske jagarflygarar

FØRDE (NRK): Desse tenåringane utviklar ein flysimulator som er så unik at norske jagarflygarar i framtida kan komme til å bruke teknologien til trening.

I COCKPIT: Victor Urnes (t.v.) og Hans Anders Gjerland ser for seg korleis flysimulatoren skal bli. Forsvarets forskningsinstitutt er interessert i løysingane dei kjem fram til.

– Eg har innsett at dersom du gir ungdommen vanskelege nok oppgåver så gjennomfører dei mirakel, seier leiar i Reodorklubben i Førde, Frode Steen.

Nasjonal merksemd

Sidan i fjor haust har ein gjeng unge oppfinnarar i Førde jobba med å utvikle ein flysimulator som har forbausa ingeniørar over heile landet. Teknologien som blir nytta finst ikkje militært i Noreg frå før, og no vurderer Forsvarets forskingsinstitutt å bruke han på eigne simulatorar for jagarfly.

Firda og TU har skrive om saka før.

– Dette skal brukast til å trene pilotar, seier prosjektleiar Victor Urnes.

Han er ein av fleire oppfinnarspirer i alderen mellom 16 og 20 år som jobbar med det ambisiøse prosjektet. Saman med Hans Anders Gjerland, og dei andre tenåringane i Reodorklubben, jobbar dei det no på spreng for å ferdigstille prosjektet som skal stå klart i haust. Då kjem nemleg Kronprins Haakon på besøk for å markere opninga av simulatoren.

Victor Urnes (t.v.) og Hans Anders Gjerland framfor flysimulatoren dei er i ferd med å byggje

MYKJE JOBB: Victor Urnes (t.v.), Hans Anders Gjerland og dei andre tenåringane i Reodorklubben har så langt brukt over 1000 timar på prosjektet. Her er karane framfor flyet med ein modell til plattforma det skal stå på.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Me har brukt ganske lang tid på planlegging, som gjer at dette vil gå kjapt. Eg vil tru me har god kontroll, seier prosjektleiaren.

Unik teknologi

Maskina, som skal simulere rørslene til eit fly, er heilt unik i form av at ho skal bevege seg på ein rørleg plattform. Med unntak av dei store flyprodusentane som har system i million- og milliardkronersklassen, så finst det ikkje eit liknande system tilgjengeleg i Noreg i dag. Dei vanlege flysimulatorane som eksisterer er statiske.

Rørslene er skapte for å gjere flyopplevinga så realistisk som mogleg.

– Me byggjer ein plattform der me oppnår 30 grader helling alle vegar, så du vil kjenne det ganske godt i rørsla, seier Urnes.

Flyskrog utan hale og venger skal bli flysimulator

KJØPTE SKROG: Reodorklubben fekk tips om eit gammalt fly som var til sals, køyrde til Rakkestad og henta det, kappa av venger og hale – og no installerer ungdommane teknisk utstyr i det.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Dette inneber også at dersom «piloten» gjer ein feil under flyging, så vil han få seg ei heftig oppleving.

– Ja, då vil det gå ganske bratt nedover, og heile flyet vil riste akkurat slik det ville gjort i eit ekte fly. Plattforma kjem til å verte rask og henge med på alle rørslene flyet gjer. Ho vil takle 500 millimeter i sekundet, noko som er ganske heftig til å vere ein flysimulator, seier Urnes.

Uendeleg Imponert

Doktorgradskandidat Johannes Møgster ved Høgskulen på Vestlandet, har vore ein viktig samarbeidspartnar for å hjelpe ungdommen med dei mest kompliserte utrekningane.

– Då dei kom og spurte om hjelp, så visste dei nøyaktig kva dei trengde. Eg er så uendeleg imponert over at det går an å stille slike spørsmål som 17-åring, seier han.

Victor Urnes og Johannes Møgster reknar på vinklane i plattformmodellen

KYNDIG HJELP: Victor Urnes søkjer hjelp hos doktorgradskandidat Johannes Møgster ved Høgskulen på Vestlandet. Teikninga på skjermen gir eit innblikk i korleis den avanserte plattforma til flysimulatoren kan bli sjåande ut.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

Også leiar i Reodorklubben Førde, Frode Steen, er forbløffa over det gjengen har fått til.

– Eg trur når du ser prosjektet så er det lett for å gløyme alderen til dei som står bak. Dei samarbeider og diskuterer med doktorstipendiatar om frykteleg avansert geometri. Her er det mange arbeidsgivarar som har noko å glede seg til når dei er ferdig utdanna.

Ope for alle

For dei som er nysgjerrig på korleis denne simulatoren fungerer, eller har lyst å prøve å fly han sjølv, har Urnes gode nyheiter.

– Dei som er interesserte i å fly, eller berre vil sjå på teknologien er velkomne. Simulatoren vert ståande open når han er ferdig, så alle kan komme og prøve han, seier prosjektleiaren.