1650 peparkakebyggverk

Er Pepperkakebyen i Bergen verdas største også i år? I dag kom svaret.

Rundt 200 personar møtte opp for å få med seg målinga av Pepperkakebyen i Bergen fredag. For å sikra at alt gjekk riktig føre seg hjelpte politiet til med målinga.

– Bergen blei målt til verdas største også i år, seier Steinar Kristoffersen, sjef for Pepperkakebyen i Bergen.

Rekorden kunne dermed noterast ned og politibetjentane Knut Iversen og Stein Bjørn Losnegård og juryemedlemmene kunne signera i protokollen.

20 fleire byggverk

Ei oppteljing viste at Pepperkakebyen i år er 350 kvadratmeter, noko som er ti kvardratmeter større enn i fjor.

Byen består i år av 1650 byggverk laga av peparkakedeig, mot 1630 byggverk i fjor. Det har vore 1380 bidragsytarar til årets peparkakeby, og både familiar, barnehagar og bedrifter har stilt opp med peparkake-byggverk.

Stor mobilisering i 20009

– Blir Pepperkakebyen alltid større enn han var året før?

– Ikkje alltid, men det skjer veldig ofte. I 2009 fekk me veldig mange bidrag, og årsaka til det var den store mobiliseringa etter at Pepperkakebyen var blitt knust , forklarer Kristoffersen.

LES OGSÅ:

Utdeling av ti prisar

Då det var slått fast at Pepperkakebyen i Bergen er den største var det tid for prisutdeling til bidragsytarar. 10 prisar blei delte ut for alt frå barnehagebidrag til Nansen-bidrag.

– Alle vinnarane var til stades og mottok prisen sin, og alle var veldig glade, smiler Steinar Kristoffersen.