Hopp til innhold

16. mai-suksess med Mjelde

Brann har ikkje tapt ein einaste 16. mai-kamp så lenge Mons Ivar Mjelde har vore trenar.

 

Mons Ivar Mjelde

Trenar Mons Ivar Mjelde

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

I morgon står Fredrikstad for tur.

Blir det tap, fryktar laget for prosesjonen på nasjonaldagen.

Tirsdag hadde Brann siste treningsøkt før møte med Fredrikstad på stadion.

16. mai er den store nasjonaldagen for fotballen. Ein dag det er ekstra viktig å lukkast.

– Eg har tapt ein som spelar, og det var ikkje noko kjekt, seier Brann-trenar Mons Ivar Mjelde.

16. mai-suksess med Mjelde

Men som Brann-trenar har Mjelde vunne samtlege 16. mai-oppgjer.

2003: 3-0 over Odd Grenland

2004: 2-0 over Ham Kam

2005: 6-2 over Lillestrøm

2006: 2-1 over Tromsø Lillestrøm i fjor

Og mentalt sett er desse kampane meir viktige enn andre kampar.

- På 17. mai møter me mykje folk på nasjonaldagen, og viss me har spela ein dårleg kamp, blir me møtt med veldig mykje negativitet, seier Mjelde, som forklarar sigersrekka med at dei forstår alvoret av ein slik kamp.

Ser fram til kampen

Brann sine prestasjonar har så langt i serien vore like varierande som været i Bergen. No står dei saman for å kunna gå oppreiste på nasjonaldagen. For i morgon møter Brann Fredrikstad på stadion, og det for aller første gong i 16. mai-samanheng.

- Same kven me møter så er det veldig kjekt å vinna 16. mai. Og å kunne gå med heva hovud 17. mai. Me ser fram til den kampen og stemninga på stadion, seier Helge Haugen.