Hopp til innhold

Prioriterer ikkje dei som er avhengige av rus - 16 kommunar droppa ruskonsulent

Kommunane prioriterer ikkje rusavhengige – 16 av 23 legg ned stillinga som ruskonsulent.

Anne Merete Lødven/montasje

Anne Merete Lødven i Florø får halde fram med tilbodet for å hjelpe rusmisbrukarar på Loftet. Mange andre kommunar droppar tilbodet etter at pengane tok slutt.

Foto: Adalheidur Oldeide, NRK/Sara Johannessen, Scanpix/Colourbox.no

Anne Merete Lødven

FRYKTAR KONSEKVENSAR: Anne Merete Lødven trur det får enorme konsekvensar om tilbodet i Florø forsvinn.

Foto: Adalheidur Oldeide

Etter at pengane for rusprosjektet har tatt slutt, er det få kommunar som vil vidareføre stillinga.

– Det kan få enorme konsekvensar, seier Anne Merete Lødven som er ansvarleg for rusprosjektet i Florø.

Får hjelp til det daglege

Loftet i Florø er ein stad der tunge rusmisbrukarar kan få hjelp til daglege gjeremål. Ein mann i 50-åra er innom for å få hjelp til å bestille ein legetime.

– Med det livet eg fører, er det best å ta ein heilsjekk, seier han.

Dei som kjem til Loftet kan få hjelp til å bestille legetimar og fylle ut jobbsøknadar. Men for dei som har hamna på kant med samfunnet kan det og vere ein stad for ein kopp kaffi og nokon å prate med.

– Det kan vere å søkje råd. Dei prøver å leggje til rette for at vi skal halde oss vekke frå rus. Nokre gonger får vi praktiske råd, seier mannen som vil vere anonym.

Pengane frå staten tok slutt

I 2008 ville regjeringa sette fokus på rusarbeid i kommunane.
I Sogn og Fjordane fekk alle kommunar midlar til minst ein stilling som rusarbeidar, men 2012 var siste året dei statlege midlane vart delt ut.

No har pengane tatt slutt, og det har mange av stillingane og. I dag er siste dag Naustdal har ein som jobbar med rusmisbrukarar i kommunen, seier Kjell Skaflestad som er rådgjevar for helse og omsorg.

– Vi har ikkje pengar i budsjettet til å vidareføre stillinga på eiga hand. Korleis dette skal løysast, veit vi ikkje.

– Er det behov for stillinga i kommunen?

– Det veit eg at det er, seier han.

Viktig tilbod til rusavhenige

Etter at prosjektmidlane er brukt opp, er det berre sju av kommunane i fylket som har valt å vidareføre prosjektet. Flora er ei av dei. Loftet i Florø og rusprosjektet der er heilt nødvendig, seier Anne Merete Lødven som er ansvarleg for rusprosjektet i Florø.

– Det er veldig viktig. Det seier både dei som brukar tilbodet, dei som jobbar der og alle samarbeidspartnarane. Grunnen til at vi vidarefører prosjektet, er alle gode tilbakemeldinga frå politi, Nav, psykiatrisk poliklinikk og helstenestane. Brukarane seier dei har betre forhold til hjelpeapparatet og får lettare dei tilbod dei skal ha.

Trur det vil få store konsekvensar

Rita Hagen Molvær som har ansvar for prosjektmidlane hjå Fylkesmannen seier det vil få store konsekvensar når kommunar fjernar desse stillingane.

– Det er ein kontakt som brått blir vekke. Dette har kanskje vore stillingar der dei har drive til dømes med heimebesøk. Dette vil ha store konsekvensar for den enkelte brukar. Føremålet med å løyve pengar, var å jobbe tett mot rusavhenige. Det er dette som gir resultat, seier ho.

Mannen i 50-åra som er innom Loftet, seier tilbodet betyr mykje for mange.

– Ja, det er folk som seier at hadde det ikkje vore for loftet, så hadde dei ikkje visst kva dei skulle gjere.