Hopp til innhold

16 dagar etter kollapsen veit ikkje vatn- og avløpssjefen om dei godkjende demninga

«Dammen er nå meget kompakt og stabil», skreiv entreprenøren. Kvifor dammen som kollapsa i det heile tatt blei bygd, kan kommunen enno ikkje svara på.

Den ødelagte, midlertidige demningen sett fra sør. Bygningsrester og materialer ligger strødd.

RUIN: Slik såg det ut dagen etter at den mellombelse demninga ved Munkebotsvatnet i Bergen gav etter. Skandalen kostar kommunen millionar.

Foto: Sindre Skrede / NRK

Kvelden 22. august kollapsa den mellombelse demninga ved Munkebotsvatnet i Bergen. Denne var sett opp to månader tidlegare, medan arbeidet med å restaurera den gamle gjekk føre seg.

Eigentleg var planen å halda den nedtappa dammen tørr gjennom heile anleggsperioden.

Men i starten av juni, i ein periode det ikkje hadde regna på fleire veker, blei det bestemt å bygga fangdemning.

SE VIDEO: Kvelden 22. august kollapsa den mellombelse demninga ved Munkebotsvatnet i Bergen.

Har ikkje fått svar på sentrale spørsmål

Det var Multiconsult som laga byggeprosjektet som Donar vann på anbod. I prosjektet var fangdam skissert som ei løysing som kunne bli bygd.

Men avgjerda om å bygga, blei teken av entreprenøren Donar.

Kvifor? Det kunne ikkje fagdirektør Magnar Sekse i Bergen kommune svara på dagen etter brotet.

Den midlertidige fangdemningen i midten av juni

UNDER KONSTRUKSJON: Bilete er teke i midten av juni, då Donar AS bygde den mellombelse fangdemninga.

Foto: Donar AS

No – to veker seinare – står han framleis utan svar.

– Tilbodsgrunnlaget opna for at entreprenør kunna bygga ein fangdemning. Det blei vald av entreprenøren, seier Sekse.

– Veit du kvifor entreprenøren valde det?

– Eg går eg ut frå at det var den løysinga dei meinte var best for å kunna utføra arbeidet.

– Har du spurt entreprenøren om det?

– Nei. Av respekt for etterforskinga til politiet og den eksterne granskinga, har me vore forsiktige med å gå inn på konkrete spørsmål til partane, seier Sekse.

Fagdirektøren hevdar at kommunen ikkje har diskutert damskandalen med dei involverte aktørane etter 22. august.

Påbegynt ny demning i front, mens den midlertidige demningen som brast er i bakgrunnen

KNUST: 23. august, to månader og to dagar etter at entreprenøren omtalar dammen som «meget kompakt og stabil», såg det slik ut ved Munkebotsvatnet.

Foto: Sindre Skrede / NRK

Entreprenøren kan ikkje uttala seg

NRK har gått gjennom hundrevis av e-postar og tekstmeldingar mellom aktørane: Bergen kommune (byggherre), Donar AS (entreprenør) og Multiconsult (rådgjevande ingeniør).

Ei skisse av fangdemninga blei sendt frå entreprenøren Donar 15. juni, til prosjektleiar Ingvill Storøy. I løpet av dei neste dagane sender ho skissa til ingeniørane i Multiconsult og ber om innspel.

Her kan du lesa all e-post-korrespondansen om utforminga av demninga:

27. juni var Multiconsult på anleggsområdet. Då hadde kontrolløren ikkje merknader til den mellombelse demninga, som då stod ferdig.

Men i korrespondansen kjem det ikkje fram kor vidt byggherren faktisk godkjente planane. Torsdag kveld kunne heller ikkje fagdirektør Sekse svara på om dammen blei godkjent – slik det er skissert i konkurransegrunnlaget.

– Det må eg koma tilbake til.

I kontrakten mellom entreprenøren og Bergen kommune, er det avtalefesta at entreprenøren ikkje skal uttala seg. Difor har ikkje Donar gitt kommentar i media.

NRK veit at det blant tilsette i selskapet er misnøye med korleis demningskollapsen er kommunisert i media.

– Eg vil igjen seia at eg ber om forståing om at me på noverande tidspunkt ikkje kan gå ut med all informasjon i saka, seier fagdirektør Sekse.

Må vente på rapport

Byutviklingsbyråd Anna Elisa Tryti ber også om forståing for at kommunen ikkje kan svara på detaljar knytt til dammen.

Plan- og bygningsetaten vil føra tilsyn med prosjektet for å finna svar på om alt har gått riktig for seg i ansvarsfordelinga mellom partane.

– For eksempel: Skulle fangdemninga ha vore byggemeld? Kven skulle i så fall ha gjort det?

Tryti har allereie slått fast fangdemninga var for dårleg. Men byråden reagerer ikkje nemneverdig på at det mest sentrale spørsmålet står utan svar to veker etter damskandalen.

– Eg har sagt at løysinga ikkje var tilstrekkeleg. Det å gå inn i detaljar, og vurdera dette, ber eg om forståing for at eg ventar med til den eksterne rapporten har kome.

I går kveld tok komite for miljø og byutvikling til orde for at representantar frå bystyret skal sitta i ei gruppe, som byrådet har nedsett for å bestilla granskinga.

– Dette er ei alvorleg hending, som må granskast av fagkompetente personar, seier Norvald Visnes (H), ein av tre bystyrerepresentantar som skal sitja i gruppa.

Første møte skal vera komande måndag, opplyser komiteleiar Geir Steinar Dahle (Ap).

SE VIDEO: Kvelden 22. august kollapsa den mellombelse demninga ved Munkebotsvatnet i Bergen.