Hopp til innhold

16-åringar tiltalt for å ha løyst framhjulet på sykkel til medelev

Sykkelsabotasjen har vore ein farleg trend over heile landet. I Sunnhordland må to 16-åringar møta i retten tiltalt for å ha skada ein anna ungdom.

Sykkelaksling med såkalt "quickrelease"-hendel

ILLUSTRASJON: Fleire stader i landet har det kome rapportar om alvorlege ulukker fordi framhjulet på syklar har blitt losna. På syklar med ein hendel tar det berre nokre sekund før hjulet losnar. Biletet er tatt i ein annan samanheng.

Foto: Ken Willy Wilhelmsen / NRK

Politiet landet over har både i 2020 og i 2021 åtvara mot det dei har kalla ein livsfarleg trend; å skru av eller løyse låsemekanismen på framhjulet på syklar.

Ungdommar i heile landet har fått både mindre og meir alvorlege skader etter å ha falt av sykkelen i fart.

Ifølge politiet og Trygg Trafikk har trenden spreidd seg mellom anna via videoar på TikTok.

– Dette er ikkje berre barnestrekar eller «pranks», men handlingar som i verste fall kan gje store skader og alvorlege konsekvensar, skreiv nettpatruljen i Vest politidistrikt på Facebooksida si i fjor sommar.

Politiet etterforsker sykkelulykke i Skien.

ETTERFORSKING: Politiet har over heile landet utført etterforskingar av sykkelulukker der framhjulet har losna. Her frå 22. mars i Skien i år, der ein ung gut fekk hovudskadar og vart innlagd på sjukehus etter fallet på sykkelen.

Foto: Theo Aasland Valen

Slo ut tennene etter fall

I Sunnhordland kan den farlege leiken få strafferettslege konsekvensar for to 16 år gamle gutar.

Politiet i Sør-Vest har tiltala dei to for kroppsskade, etter at dei skal ha løyst låsemekanismen på eit framhjul i oktober i fjor.

Eigaren, ein jamaldra gut, skulle sykla heim frå skulen. Han gjekk i bakken då framhjulet datt av. Ifølge politiet slo guten ut fleire tenner.

– Framhjulet datt av etter nokre hundre meter. Han hamna på sjukehus og har fått skader i tennene, seier politiadvokat Anne Marte Møinichen, som også har tatt ut tiltalen i saka.

Risikerer erstatningskrav

Ho seier ho ikkje kjenner til at liknande saker har blitt ført for retten tidlegare.

Brotsverket skjedde på ettermiddagen 2. oktober i fjor, ved ein av ungdomsskulane på Stord. Dei to tiltalte var då 15 år og er difor over den kriminelle lågalderen.

Politiadvokaten vil ikkje seie om politiet har bilete eller videobevis i saka.

– Hovudregelen er at saker som omhandlar kroppsskade fører til fengselsstraff utan vilkår. Det er uaktuelt i denne saka, grunna alderen til dei tiltalte.

– Det vil truleg bli lagt fram påstand om at dei må betala erstatning til fornærma, seier Møinichen.

Kritiserer politiets tidsbruk: – Graverande

Det er sett av to og ein halv dag til rettssaka i Haugaland og Sunnhordland tingrett. Den startar i midten av november.

Ben Einar Grindhaug forsvarar ein av dei to tiltalte. Han seier 16-åringen nektar straffskuld, men ynskjer ikkje gå i detalj på kvifor før klienten skal forklara seg i retten.

– Det er heilt forferdeleg for han å bli tiltalt, seier Grindhaug.

Advokaten er sterkt kritisk til politiets tidsbruk og viser til lova som seier at det ikkje skal gå meir enn seks veker før det blir bestemt om ein mindreårig skal tiltalast i ei straffesak.

– Her kom tiltalen først i juni. I tillegg er rettssaka utsett til november. Det er noko av det mest graverande eg har vore borti og det har vore ekstra belastande for han.

Advokatfullmektig Ragnhild Stople forsvarar den andre 16-åringen, men ho ynskjer ikkje å kommentere saka.