Hopp til innhold

16-åring signerte for Sogndal

Johan Johannessen Bakke har signert sin fyrste proffkontrakt med Sogndal Fotball. Dermed tek tredje generasjon Bakke for alvor steget inn i toppfotballen. Han er son til tidlegare spelar og no Sogndal-trenar Eirik Bakke, og bestefedrane Svein Bakke og Johan Johannessen spelte begge for Sogndal i si tid. 16-åringen debuterte mot Stømmen i fjor og har tre kampar for A-laget. – Dette er ein flott merkedag for både bygd og klubb, seier Håvard Flo i ei pressemelding.

Eirik Bakke og Johan Johannessen Bakke
Foto: Sondre Dalaker / NRK