Hopp til innhold

Luster må riva utleigehus på grunn av radonfare

GAUPNE (NRK): Berre i Luster ligg 531 bustader i område med høg radonfare. Ordførar Ivar Kvalen må setja i verk tiltak i ei rekkje utleigehusvære for å få bukt med den kreftframkallande gassen.

Ivar Kvalen

MÅ RIVA: – Bygget med for høge radonverdiar skal sanerast, og leigebuaren får tilbod om annan kommunal leigebustad, seier Luster-ordførar Ivar Kvalen (Sp).

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Eg tykkjer det er skummelt å tenkja på, seier Ole Petter Veum.

Småbarnspappaen, kona Anja og den eitt år gamle dottera Kaia bur i Luster kommune, der 531 bustader ligg i område med høg fare for den kreftframkallande gassen radon. Det viser ei landsomfattande kartlegging NRK har gjort.

– Når me veit kva radon kan føra til, bør det gjerast strakstiltak mot det, seier Veum.

Ole Petter og Anja Veum

KOMMUNALE STAKSTILTAK: - Det er heilt forferdeleg å leiga ut til folk som kanskje ikkje veit om dei høge radonverdiane, seier Ole Petter Veum, her saman med Anja Veum på handletur.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Må riva hus

Norske kommunar pliktar å syta for at radonnivået i skular, barnehagar og utleigebustader er under maksimumsverdien på 200 bequerell per kubikkmeter. I Luster er skulane og barnehagane friskmelde, men kommunen må riva eit utleigehus fordi radonverdien låg langt over maksgrensa.

I tillegg må kommunen setja i verk tiltak i 10 til 15 andre utleigebueiningar, som ligg over eller oppunder maksgrensa. Tiltaka kan vera å tetta rundt golvlister og slukar, eller passa på at ventilasjonen er god.

– Leigebuaren i bygget som skal sanerast, får tilbod om annan kommunal leigebustad. I dei andre husværa vil ikkje leigebuarane merka noko særleg til tiltaka som kommunen skal gjera, seier Luster-ordførar Ivar Kvalen (Sp).

Kreftfare

Forklaringa på dei høge radonverdiane i Luster finn me i berggrunnen. Kommunen har ein fjelltype som lagar eit belte frå indre Hafslo via Gaupne til Skjolden, der det siv ut radon.

Å bli utsett for slik radioaktiv gass – inni hus – over tid kan vera helseskadeleg.

– Når me pustar inn radon, blir lungene stråla frå innsida. Det gir auka risiko for lungekreft, seier Ingvild Finne i Statens strålevern.

Ingvild Finne, Statens strålevern

KREFTFARE: Ingvild Finne i Statens strålevern oppfordrar folk om å måla radonnivået i bustaden sin.

Foto: Kjetil Solhøi / NRK

300 dødsfall årleg

Det er rekna ut at radon i bustader fører til kring 300 lungekreftdødsfall kvart år i Norge. Men fordi røyking er ein så dominerande årsak til denne krefttypen, er det krevjande å sjå samanhengen mellom kart over radonpåverknad – som er grunnlaget for NRK si gransking – og førekomsten av kreft.

– Difor er det særs vanskeleg å seia noko om kreftførekomsten i eit område på bakgrunn av eit kart over radonrisiko, sier overlege og forsker Tom K. Grimsrud ved Kreftregisteret.

1500 hus

NRK si kartlegging viser at 1500 bustader i Sogn og Fjordane ligg i område med høg radonfare. I tillegg til Luster er òg Førde, Eid, Gaular, Hornindal, Naustdal og Årdal kommunar som har mange bustader liggjande i slike område.

Ingvild Finne i Statens strålevern har ei oppfordring til innbyggjarane:

– Dei bør måla radonnivået i bustaden sin, og så bør dei gjera tiltak viss dei har høge verdiar.

Radon - Sogn og Fjordane