Seksjonsleiar Anne Margrethe Stokken ved rusakutten i Helse Bergen.
Foto: Siri Kleiven Strøm / NRKDet har vore eit travelt døgn for rusakutten i Helse Bergen. Seksjonsleiar Anne Margrethe Stokken fortel at dei sidan i går formiddag har registrert 15 overdosar frå illegale stoff.
– For oss er det ein betydeleg auke. I snitt har me 5–6 i døgnet, seier Stokken til NRK, som presiserer at det dreiar seg om overdosar frå illegale stoff.
Det var Bergens Tidende som omtala saka først. Måndag stengde Nygårdsparken, som i lang tid har vore tilhaldsstad for eit av Nord-Europas største opne russcener.
– For tidleg å sei
Det er sett opp høge gjerde, og politiet patruljerer Bergen sentrum for å sjå til at ikkje nye rusmiljø dannar seg andre stader i byen. Men om stenginga av parken er årsaka til at talet på overdosar i løpet av eit døgn har tredobla seg, meiner Stokken det er for tidleg å sei.
– Det er viktig å presisera at vi har dagar med variasjonar i talet, av ulike årsaker. Så for oss er det for tidleg å kople det opp mot stenginga av Nygårdsparken
- LES OGSÅ: |
Registrerer kvar det skjer
Rusakutten registrerer kor overdosane skjer i Bergen sentrum, men Stokken vil ikkje sei om det har vore ei opphoping det siste døgnet.
– Dei kjem frå forskjellige plassar i byen. Det eg kan sei er overdosane ikkje har skjedd inne i leilegheiter eller bustadar. Dei aller fleste kjem frå gata, avsluttar Stokken.