Hopp til innhold

15 nye omsorgsbustadar

Leikanger kommune planlegg å bygge 15 nye omsorgsbustadar ved sjukeheimen. Det skriv Sogn Avis. For nokre år sidan vart det bygd ein ny fløy på sjukeheimen, der helsestasjonen og legekontoret ligg, i tillegg til seks omsorgsbustadar. – Strategien vår er å samordna mest mogeleg av tilboda i nærleiken av sjukeheimen, seier Leikanger-ordførar Jon Håkon Odd.