15 000 i bot for dårleg sikra last

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ein trailersjåfør har fått 15 000 kroner i bot etter at han mista last ved Voll bru i Lærdal måndag.

Politiet rykka ut etter dei fekk melding om at ein trailer hadde mista last på E16.

Det viste seg å vere stålplater som hadde falle av på grunn av dårleg sikring av lasta. Traileren vart ståande i mange timar før vegen var rydda.

Sjåføren blei meld til politiet og fekk ikkje køyre vidare før han hadde fått førelegget.