Hopp til innhold

Nær 1500 tilsette råka av helikopter-trøbbel i Nordsjøen

Grunna ein datafeil har helikoptertrafikken til sokkelen stått sidan i dag tidleg. Helikopterselskapa flyr no med ei reserveløysing.

Goliat

INGEN FLYVNINGAR: Så langt har det ikkje gått flyvningar til norsk sokkel i dag. Dette skuldast ein datafeil som gjer at dei ikkje får registrert passasjerlistene.

Foto: Jan Harald Tomassen / NRK

– Vi har ikkje fått avvikla helikoptertrafikken til sokkelen så langt i dag. Vi jobbar no med reserveløysing, seier Morten Eek, informasjonssjef i Statoil.

Statoil har ca. 40 flyvningar dagleg frå ulike norske lufthamner til oljeinstallasjonar langs kysten. Det var sysla.no som første melde saka.

Det er 700 personar som ventar på å reise ut, og det same talet inn. Totalt nærare 1500 personar som ikkje kjem seg til eller frå arbeid på sokkelen.

Det er eit datasystem som registerar passasjerar og frakt som er nede. Det fører til forseinkingar for alle helikopterflyvningane.

– Reserveløysinga går ut på at vi skal registrere alt av passasjer- og cargodetaljar manuelt, men dette tar litt lengre tid enn normalt, seier Eek.

Morten Eek

MANUELL GJENNOMFØRING: Passasjerlistene må no førast manuelt grunna ein datafeil. Morten Eek, kommunikasjonssjef i Statoil, håpar situasjonen blir normalisert så fort som mogleg.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Rett før kl. 1500 seier Statoil at dei no vil starte opp med flyvingane att, men dei ventar at det framleis blir forseinkingar. Statoil håpar å få gjennomført halvparten av programmet i dag, men førebur seg på at nokre av flyvingane må gjennomførast seinare.

Håpar på normalisering

Liv Jannie Omdal, kommunikasjonssjef for Neptune Energy, seier dei fekk gjennomført sin flight frå Florø til Gjøa tidlegare i dag utan større forseinkingar.

– Vi har ikkje flight til Gjøa før fredag og håpar då at systemet er tilbake att, seier ho.

Petter Sem-Henriksen, service delivery manager i Bristow, seier dei no er i gang med å fly på alle lufthamner dei opererer frå. Han forventar store forseinkingar, men seier det ikkje er noko problem å gjennomføre sjølve flyvingane.

– Vi må manuelt registrerer alle passasjerane, samt sørge for at operatørane har oversikt over kven som er på plattformene. Det er difor viktig at vi gjer dette nøye, seier han.